Babykos! Eg og Ingrid lånar Trym.
Og Ole Ivar får låne Henrik med oss :)
Eg og ungane reiste i H.dalen slik at Geir skulle få beisa trappa, platten og verandaen i fred og ro. Der kom også tante Britt og onkel Olaf, og Gudveig og Odd Inge (farmor/farfar). Odd Inge har laga seng til Henrik som dei hadde levert i Bjørkavågen før dei kom i H.dalen.
Knut Ove og Aud Elin kom også nedom. Herlig med sol og varme endelig!!
Knut Ove kasta ball med ungane.
Fredag var vi innom både den eine og den andre. Fyrst hadde vi oss en tur inn til Anne Lise og Ole Martin. Der var mykje leika å styre med :) Her er det Sabeltann skuta som blir inspisert.
Etterpå var vi fram med Marianne og lille Alida. Alt for lenge sia sist!! Til slutt var det naboungane Kanutte, Leon og Elias som fekk et besøk. Artig å sjå kor store tvillingane var blitt. Leon har akkurat lært seg å gå :)
På kveldane har Henrik køyrt traktor ilag med besten. Det skal vi legge ut bilder av seinare. Henrik er totalt frelst, og fredag medan besten var på jobb stakk han ut til nabo Magne som dreiv å køyrde møk- med eit ledig barnesete! Dessverre blei det berre med lengselsfulle blikk, og ingen traktortur......
I ettermiddag skal vi køyre oppatt. Må få handla inn og ordna til 17.mai, og bytta ut nokre halvdaude påskeliljer i eine blomsterkrukka mi. Deilig at det endelig er komt litt varme. Lei av snø og kulde i mai!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar