søndag 28. oktober 2012

Vinter

 
Laurdagsmorgon reiste Geir på guttetur til London, og eg og kidsa reiste i Honndalen for å feire tantegullet Mikal sin 2 årsdag. I Honndalen var det sjølvsagt mykje snø, og vi fekk renne på snowracerane våre. Atle og Silje var i Honndalen og, kjekt!

 Henrik i duell med tante Silje.
 Inne var det sminka som besta ikkje brukar som blei hovedattraksjonen. Ingrid og Henrik både sminka og blei sminka.

 Lipgloss må man ha....
 Henrik har ein liten veg å gå før han blir noken stor make-up artist :)
Susie var med, og medan Julie (som vanlig) uttrykte både skrekk og fryd når ho kom nær, var Henrik berre glad for å sjå ho.

Deilig å kunne køyre Kvivsvegen til Honndalen no når vinteren er komt. So mykje betre enn om Stranda :) 

Ha ei super veke!:)

tirsdag 23. oktober 2012

4 årsboka

Søndag fekk Henrik 4 årsboka.


 Resten av familien var spente deltakarar :)



 
Julie likte veldig godt alle songane som var på gudstenesta, og song og dansa med :)

Ellers har veka vore litt prega av ei sjuk Julie og Geir i Brasil. Eg var heime frå jobb mandag-torsdag. Fredag var endelig Julie klarert etter å ha vore plaga med magebakteriar frå syden. Ho var ikkje frisk nok til å få vaksine, so blei bomtur på helsestasjonen. Henrik blei med farmor og farfar tiil Fiskå onsdag. Dei kom opp og passa Julie når eg skulle følge Henrik på sjukehuset. Takk og lov for besteforeldre :)




søndag 14. oktober 2012

Bahia Feliz

 
Vi, og mamma og pappa har hatt ei fantastisk flott veke på Bahia Feliz. Det har vore strålande sol heile veka, og det har vore opp mot 40 grader i sola kvar dag. Heldig for oss var der ein svalande vind som gjorde det levelig ved bassengkanten. Vi åt frokost og gjekk deretter rett til bassengområdet kvar dag. Herlig!!:) No snakkar ikkje eg heilt sant. Vi hadde oss ein dag på Amadores stranda og til Puerto Rico og såg oss om. Svett og sandette tur....

 Vi hadde All inklusive og det var vi i grunn veldig fornøgde med. Deilig å kunne ete og drikke heile dagane uten å tenke på pengar og på det å pakke i hop og gå på restaurant. Her drog vi berre på oss shortsen utanpå bikinien og gjekk og åt. Der var også ein buffet som var i det opne området som vi kunne spasere inn og hente mat og drikke fra og ta med ut i solstolen.
Trygt og godt hotellområde. Anbefalast for småbarnsfamiliar. Ungane storkosa seg!

 Ingrid og Henrik var på dansekurs med ABS Show kids, og Ingrid opptredde på scena på kvelden.
 Damene på turen!:)
 Og karane :)

 "Har du en euro?!" Favoritt uttrykket til Henrik på turen. Han la sin elsk på biljard og eit anna spel som kosta 1 euro.

Ingrid fletta halve håret <3 p="p">

Herlig med ferie, det kan vi konkludere med!:) No er Geir reist til Brasil på jobbtur, Julie har feriemage og må vere heime frå barnehagen i morgon. Henrik skal på øre-nese-hals på sjukehuset tirsdag og Julie på helsestasjonen fredag. Tilbake til kvardagen sa du?! Jepps! ;)

søndag 30. september 2012

Tur i Hjortedalen

Bilder frå ein herleg og solfylt søndag i Honndalen! Medan andre feira Kvivsvegsopninga på Sanden 22.sept, feira vi den opp i Hjortedalen. Finare der ;)












Sykkeldag

I dag har vi vore med å arrangert sykkeldag i grendalaget. På sykkeldagen lagar vi til to ulike sykkelløyper som barna får prøve seg i. Det er startnummer, premiar, kiosk og loddsalg. I dag var det ca 60 barn som deltok i løpet. Kjekt både for små og store! Vi hadde det litt hektisk sidan vi var på innflyttingsfest med Steinar og Inghild i Ørsta i går kveld. Ingrid og Julie var i trygge hender, passa av onkel Bjørn i Hovdebygda medan vi var vekke. Henrik vart igjen med farmor og farfar etter at Geir var der å spelte kamp på dagen laurdag.



lørdag 15. september 2012

Gamletante-besøk

I dag fekk vi gamletantene på besøk. Gamletantene er Geir sine tanter fra Lillehammer og Oslo. Dei er såpass ofte på Fiskå at ungane kjenner dei godt. Denne gongen var vi so heldig å få dei på overnatting, og da har det blitt både høgtlesing og fingerhekling. Og jammen blei det litt bursdagsfeiring og, for tante Kjellfrid har bursdag i dag!! Her i heimen var vi ikkje heilt klar over at vi skulle få eit bursdagsbarn i hus, men vi heiv oss rundt med det vi hadde i hus, og det blei både sjokolade, ost og kjeks og frukt til feiringa.


Kjekke gamletanter!!:)

mandag 10. september 2012

Go`helg i Stryn






Legg til bildetekst