lørdag 15. september 2012

Gamletante-besøk

I dag fekk vi gamletantene på besøk. Gamletantene er Geir sine tanter fra Lillehammer og Oslo. Dei er såpass ofte på Fiskå at ungane kjenner dei godt. Denne gongen var vi so heldig å få dei på overnatting, og da har det blitt både høgtlesing og fingerhekling. Og jammen blei det litt bursdagsfeiring og, for tante Kjellfrid har bursdag i dag!! Her i heimen var vi ikkje heilt klar over at vi skulle få eit bursdagsbarn i hus, men vi heiv oss rundt med det vi hadde i hus, og det blei både sjokolade, ost og kjeks og frukt til feiringa.


Kjekke gamletanter!!:)

Ingen kommentarer: