
I dag er det mandag, og ei helg er over. Vi hadde ein liten plan om å reise i Honndalen på ein mini-vinterferie denne veka, men vegen mellom Stranda og Hellesylt har vore stengt, og vi har derfor holdt oss heime. Ungane har hatt korte dagar og fri inn i mellom. Dei blir rastlause om dei er heime for mange dagar på rad utan at noke spesielt skjer, so då er det betre å ta ein dag fri i ny og ne. Her er litt utebilder frå helga. Julie syns det er svært å få vere ute med Ingrid og Henrik. Då får ho både sete i dukkevogn, køyre traktor og trehjulsykkel, og reie. I tillegg til å vere litt ute har vi vore på Leikeland i bursdagselskap, og på svømmekurs.
Henrik hadde med Fiffi, bamsen til avdelinga, heim torsdag.
Det var stas, so ho og måtte få bli med ut å leike.
I dag har Ingrid vore med tannpleiar, og hatt fri heime. Vi har baka brød og hatt naboen Lise og Leah på besøk. Leah er berre fem dagar større enn Julie, so dei skal få mykje glede av kvarandre framover. Ingrid fekk raskt besøk av Nikoline, nabojenta ovanfor oss. Pappaen er sjømann, og er heime for tida, so då passa det utmerket at dei to jentene kunne leike ilag i dag. Dei styra og ordna sann med dukkene, og ein merkar ikkje at ein har dei i hus. Perfekt med slike naboar!:)
Måtte ta med eit bilde frå babysong. Her sete Julie i djup konsentrasjon med maracassen ilag med Asbjørg som ledar songen. Julie likar seg kjempegodt her! Driv å bearbeidar Geir til å fortsette å gå dit når han tar over permisjonspinnen ;)
Julie med frisør Ingrid.
Verdens beste Henrik!

































