torsdag 16. februar 2012

Snart vår?

Mars er fyrste vårmånad og det er ikkje lenge til no. Eg gler meg til det byrjar å spire bå
de med snøklokker og krokussar. Har faktisk høyrt rykte om at snøklokker allereide er observert her i Bjørkavågen. Vi får endeleg tilbake sola i helga, og eg berre håpar at veret blir sopass at vi får sjå litt til den. Då må eg vel til å vaske stoveglasa utvendig og.... eller.... høyrte at det var mannen sin jobb, so eg får sende ut Geir. Han kan vertfall spyle dei :)

Ingrid og Henrik er begynt på svømmekurs på Moa. Eller, svømme og livredningskurs heiter det vel. Vi syns at det er vel anvende pengar for å lære dei å svømme og dykke under vatn. Begge er ganske trygge i vatnet, hoppar og styrar. Men dette er litt anna, dette er rein trening, ikkje noke leik. I fem helgar framover veit vi dermed kva vi skal gjere på, svømmekurs kvar laurdag og søndag. Eg må ærlig innrømme at å ha vore veldig mykje på farten helgane i januar og starten på februar er det deilig å berre vere heime.Vi har mange vennepar her oppe som vi treng å bruke tid på og. I går var fyrst jobben her på besøk, og so kom Stine, Ottar Inge og Maja på sein middag. Kjente at eg saknar litt gjengen frå jobb. Eg hadde verdens beste kollegar, og det er dumt at eg ikkje får tilbake til det trinnet eg var på. Men, sann er det, der er ikkje plass til meg lenger. Det blir heilt sikkert veldig kjekt på det trinnet eg kjem på etter påske og. Må berre kome inn i det, og bli betre kjent med dei som jobbar der. Vi snakka litt om det i går, at skulen er so stor at det er nesten som å begynne i ny jobb når ein byttar trinn å jobbe på. Litt av fascinasjonen ved skulen.

I dag er det foreldresamtale på avdelinga til Henrik, og 8-mnd kontroll på helsestasjonen med Julie. Etterpå er vi so heldig å vere invitert på middag med Randi og Rune. Deilig å sleppe å lage middag!

 Måtte berre legge inn bilde av vår nye sofa. Er sooo fornøgd. Syns stova blei mykje finare no.
 Ein ekte gentleman, Henrik drar prinsesse Emma på kjelken då vi var på Fiskå.
Linn Victoria blei 11 år 2.februar <3
Bursdagsfeiring!

Herlige snuppa vår som straks blir 8 mnd <3

Ingen kommentarer: