For nokre dagar sidan sat eg og draumde om våren, og i dag vakna vi til snø?! Kva er det for noke? Neida, er koseleg med snø, ungane kan renne på kjelke, og Henrik og Geir kan måke snø ;)
I dag kom gjengen frå Hovdebygda på middag. Husmora slo til å laga klubb (ball) faktisk. Det er lenge sia sist. Skjønnar ikkje kvifor, er jo so godt, og ganske enkelt i grunn.... Blei inspirert av Åshild og Ole Ivar som serverte oss det sist vi var der på middag.
Sola kom sovidt innom oss- for FYRSTE gong i år. Herlig, herlig!! Då var det berre å kome seg ut å renne på akebrett, og måke snø med traktoren. Her er det Eva og Bjørn som er i aksjon.
Åshild og Trym tok seg ein tur på formiddagen i dag, og då var det utkledning som var det artigaste.
Julie får prøvesete TV-stolen til Ingrid. Stas!
Fredag var det karnevall på Henrik si avdeling, og Henrik ville vere Sabeltann. Herlige snille guten vår <3
Kos <3






Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar