tirsdag 31. januar 2012

Herlige januar

Det er so flott ute for tida. Det er ein fryd å trille i barnahgen morgonane når det er lyst og fint ute. Januar som ofte er ein treig og trasig månad har vore fin og rask :) I dag skal eg på babysong og på trilletur med damene. Julie søve ute i vogna, og storeungane er levert i barnehagen. Eg slappar av med ein kopp kakao og God morgen Norge. Må vere lov å kose seg litt innimellom :) Siste veka har vi hatt besøk kvar dag. Vi har hatt både middagsgjestar, og gjestar som har overnatta. Eg likar veldig godt å ha besøk, so det har vore heilt topp. I helga var Anne Marte og familien her. Mathias og Martine fann fort tonen igjen med Henrik og Ingrid, so ungane merka vi lite av. Henrik og Mathias delte rom, og Martine og Ingrid delte rom. Alle sov før klokka var halv ni, og det passa oss voksne ypperlig. Då fekk vi kose oss med vin og snacks og god prat til lang på natt. Med morgonfuglen Julie i hus, so blei det alt for lite søvn, men det har vi no fått tatt igjen med å legge oss tidleg. Laurdag var vi på tur i Løveskogen. Vi laga bål og grilla pølser. Søndag var vi på Fjellsetra. Vi gjekk fyrst litt langrenn før Ingrid og Henrik fekk prøve slalom for fyrste gong, stilig. Vi har eit håp om at dei skal bli glad i både slalom og langrenn. Eg har mange gode minner frå skiturar frå då eg var lita. Eg gjekk cuprenn til den store gullmedalje, og pappa sto på vaskerommet og smurte ski so svetten rann. Eg var ut og prøvegjekk skia i fleire etappar før vi reiste avgårde med topp smurte ski på konkurransar. Då vi kom heim sto mamma klar med eit varmtappa badekar, kakao og knekkebrød med brunost. Guri for ei lykke.... sukk.... Like stor lykke var det ikkje alltid når heile familien gjekk Honndalsrennet (15 km?). Halvvegs hadde vi ungane blemmer på hælane, var slitne og lei. Skia var blitt bakglatte og lokkesjokoladen oppeten. Då var det ein kamp å kome seg i mål og få sin velfortente medalje.....







Ingen kommentarer: