mandag 9. januar 2012

Romjul på Fiskå

Stormen Dagmar herja 1.juledag. Mamma og pappa kom seg vel heim frå oss i tide før det blei verkeleg ille.  På Fiskå forsvann strømmen halv seks, og ved midnatt forsvann telenettet. Vi skulle i juleselskap med Geir si tante kl 13.00 2.juledag, men sidan vi ikkje fekk tak i noken var vi veldig usikre på om vi skulle reise eller ikkje. Det var ikkje so fristande å reise frå både strøm og telefon til Fiskå der vi ikkje visste korleis ting låg an. Vi tok sjansen, og jammen kom ikkje strømmen tilbake i tide til at middagen vart klar til 14.00 :) 
Gjengen frå Hovdebygda hadde feira jul på Fiskå, og dei var der til leggetid 4.dag. Ungane fekk dermed både leika og krangla sin del medan vi var der ;)
3.dag fekk Geir sitt store ønske oppfylt, og vi reiste på juletrefest på ungdomshuset, hehe... Eller var ikkje det heilt sånn Geir??! 
 "Du grøne, glitrande tre god dag...." Storfamilien i gange rundt juletreet.

Fordi om det er jul slappar ikkje Fiskå-folket av. Her var det full jobbing i fjøstomta. Henrik sat lenge på i gravmaskina, og Ingrid var litt med å køyrde traktor.
 Våre bærbare dvd`ar var gode å ha når ein skulle roe ned ungane....
 Farfaren braut handa før jul, og hadde mykje smerter fortsatt.

Ingen kommentarer: