søndag 14. oktober 2012

Bahia Feliz

 
Vi, og mamma og pappa har hatt ei fantastisk flott veke på Bahia Feliz. Det har vore strålande sol heile veka, og det har vore opp mot 40 grader i sola kvar dag. Heldig for oss var der ein svalande vind som gjorde det levelig ved bassengkanten. Vi åt frokost og gjekk deretter rett til bassengområdet kvar dag. Herlig!!:) No snakkar ikkje eg heilt sant. Vi hadde oss ein dag på Amadores stranda og til Puerto Rico og såg oss om. Svett og sandette tur....

 Vi hadde All inklusive og det var vi i grunn veldig fornøgde med. Deilig å kunne ete og drikke heile dagane uten å tenke på pengar og på det å pakke i hop og gå på restaurant. Her drog vi berre på oss shortsen utanpå bikinien og gjekk og åt. Der var også ein buffet som var i det opne området som vi kunne spasere inn og hente mat og drikke fra og ta med ut i solstolen.
Trygt og godt hotellområde. Anbefalast for småbarnsfamiliar. Ungane storkosa seg!

 Ingrid og Henrik var på dansekurs med ABS Show kids, og Ingrid opptredde på scena på kvelden.
 Damene på turen!:)
 Og karane :)

 "Har du en euro?!" Favoritt uttrykket til Henrik på turen. Han la sin elsk på biljard og eit anna spel som kosta 1 euro.

Ingrid fletta halve håret <3 p="p">

Herlig med ferie, det kan vi konkludere med!:) No er Geir reist til Brasil på jobbtur, Julie har feriemage og må vere heime frå barnehagen i morgon. Henrik skal på øre-nese-hals på sjukehuset tirsdag og Julie på helsestasjonen fredag. Tilbake til kvardagen sa du?! Jepps! ;)

søndag 30. september 2012

Tur i Hjortedalen

Bilder frå ein herleg og solfylt søndag i Honndalen! Medan andre feira Kvivsvegsopninga på Sanden 22.sept, feira vi den opp i Hjortedalen. Finare der ;)












Sykkeldag

I dag har vi vore med å arrangert sykkeldag i grendalaget. På sykkeldagen lagar vi til to ulike sykkelløyper som barna får prøve seg i. Det er startnummer, premiar, kiosk og loddsalg. I dag var det ca 60 barn som deltok i løpet. Kjekt både for små og store! Vi hadde det litt hektisk sidan vi var på innflyttingsfest med Steinar og Inghild i Ørsta i går kveld. Ingrid og Julie var i trygge hender, passa av onkel Bjørn i Hovdebygda medan vi var vekke. Henrik vart igjen med farmor og farfar etter at Geir var der å spelte kamp på dagen laurdag.



lørdag 15. september 2012

Gamletante-besøk

I dag fekk vi gamletantene på besøk. Gamletantene er Geir sine tanter fra Lillehammer og Oslo. Dei er såpass ofte på Fiskå at ungane kjenner dei godt. Denne gongen var vi so heldig å få dei på overnatting, og da har det blitt både høgtlesing og fingerhekling. Og jammen blei det litt bursdagsfeiring og, for tante Kjellfrid har bursdag i dag!! Her i heimen var vi ikkje heilt klar over at vi skulle få eit bursdagsbarn i hus, men vi heiv oss rundt med det vi hadde i hus, og det blei både sjokolade, ost og kjeks og frukt til feiringa.


Kjekke gamletanter!!:)

mandag 10. september 2012

Go`helg i Stryn






Legg til bildetekst

Skulejenta mi



Ein stor dag i heimen då Ingrid begynte på skule. Litt rart å ha ei fått ei skulejente i hus. Ein ny epoke er i gong, og det er spennande. Ingrid gledde seg veldig, og det har ikkje blitt nokon skuffelse for å seie det slik :) Nydelige jenta vår!

lørdag 21. juli 2012

Ferietid

Vi er i Honndalen for tida, og då såg eg mitt snitt i å låne pc`en til mamma og blogge litt. Etter ferien får eg ny pc slik at eg får oppdatert litt meir jamnleg igjen heldigvis.

Ferieturen i år gjekk til Kristiansand og dyreparken. Vi tok fly ned, og budde på Rica Dyreparken hotell. Det var kjempeflott! Ungane kosa seg både på hotellet og i parken. Vi reiste ned rett etter skuleslutt, og dermed var ikkje der so mykje folk. Vi slapp å stå i kø for å prøve ting, og det syns eg er veldig deilig i slike parkar. Ein får liksom so mykje meir ut av parkane når ein slepp å stå i kø, kø, kø.

No har eg og ungane vore heime i 3 veker medan Geir har jobba. Vi har stort sett vore heime. Deilig etter å ha vore mykje vekk i helgane den siste tida. Vi har hatt den store gleden av å ha vore i 3 bryllup i juni, og dermed har det vore ein del farting.


Onsdag kom eg og ungane i H.dalen. Geir kom torsdagskveld. Då låg han og storeungane på hytta, medan eg brukte dagen og kvelden til å treffe venninner både her og på Eid. Fredag var vi på Malakoff rockfestival på Eid. Vi starta med vorspiel kl tre, og var ikkje heime igjen før kvart på fire på natta, so det vart ein laaaaang fest :) Utrulig artig å treffe gamle kjende igjen, men eg må ærlig innrømme at frå klokka halv to var eg i grunn so kald og trøtt at eg berre ville heim. Vi skulle ta festivalbuss heim, so det var berre å bite tenna i hop og holde ut :)


 I dag regna det, men vi måtte ha oss ein luftetur. Vi reiste opp i dalen og gjekk på jakt etter sauder og kyr. Og so kasta vi stein i Hyttevatnet og plaska og leika i vatnet og blei våte. Herlig å kome seg ut dagen derpå.
Under båtfestivalen i Ålesund var vi på tivoli ilag med Karl Idar, Nina og kidsa. Her er Ingrid og Marius supertøffe og tar den store karusellen.  
Og her er Henrik og Eirik klar for ny flytur :)

Julie skal snart begynne i barnehagen, og vi har vore bortom og sett litt. Ho kosa seg veldig, so eg håpar ho syns det er kjekt å vere der- uten mamma og!