Vi er i Honndalen for tida, og då såg eg mitt snitt i å låne pc`en til mamma og blogge litt. Etter ferien får eg ny pc slik at eg får oppdatert litt meir jamnleg igjen heldigvis.
Ferieturen i år gjekk til Kristiansand og dyreparken. Vi tok fly ned, og budde på Rica Dyreparken hotell. Det var kjempeflott! Ungane kosa seg både på hotellet og i parken. Vi reiste ned rett etter skuleslutt, og dermed var ikkje der so mykje folk. Vi slapp å stå i kø for å prøve ting, og det syns eg er veldig deilig i slike parkar. Ein får liksom so mykje meir ut av parkane når ein slepp å stå i kø, kø, kø.
No har eg og ungane vore heime i 3 veker medan Geir har jobba. Vi har stort sett vore heime. Deilig etter å ha vore mykje vekk i helgane den siste tida. Vi har hatt den store gleden av å ha vore i 3 bryllup i juni, og dermed har det vore ein del farting.
Onsdag kom eg og ungane i H.dalen. Geir kom torsdagskveld. Då låg han og storeungane på hytta, medan eg brukte dagen og kvelden til å treffe venninner både her og på Eid. Fredag var vi på Malakoff rockfestival på Eid. Vi starta med vorspiel kl tre, og var ikkje heime igjen før kvart på fire på natta, so det vart ein laaaaang fest :) Utrulig artig å treffe gamle kjende igjen, men eg må ærlig innrømme at frå klokka halv to var eg i grunn so kald og trøtt at eg berre ville heim. Vi skulle ta festivalbuss heim, so det var berre å bite tenna i hop og holde ut :)
I dag regna det, men vi måtte ha oss ein luftetur. Vi reiste opp i dalen og gjekk på jakt etter sauder og kyr. Og so kasta vi stein i Hyttevatnet og plaska og leika i vatnet og blei våte. Herlig å kome seg ut dagen derpå.
Under båtfestivalen i Ålesund var vi på tivoli ilag med Karl Idar, Nina og kidsa. Her er Ingrid og Marius supertøffe og tar den store karusellen.
Og her er Henrik og Eirik klar for ny flytur :)
Julie skal snart begynne i barnehagen, og vi har vore bortom og sett litt. Ho kosa seg veldig, so eg håpar ho syns det er kjekt å vere der- uten mamma og!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar