mandag 10. september 2012

Go`helg i Stryn






Legg til bildetekst

Skulejenta mi



Ein stor dag i heimen då Ingrid begynte på skule. Litt rart å ha ei fått ei skulejente i hus. Ein ny epoke er i gong, og det er spennande. Ingrid gledde seg veldig, og det har ikkje blitt nokon skuffelse for å seie det slik :) Nydelige jenta vår!

lørdag 21. juli 2012

Ferietid

Vi er i Honndalen for tida, og då såg eg mitt snitt i å låne pc`en til mamma og blogge litt. Etter ferien får eg ny pc slik at eg får oppdatert litt meir jamnleg igjen heldigvis.

Ferieturen i år gjekk til Kristiansand og dyreparken. Vi tok fly ned, og budde på Rica Dyreparken hotell. Det var kjempeflott! Ungane kosa seg både på hotellet og i parken. Vi reiste ned rett etter skuleslutt, og dermed var ikkje der so mykje folk. Vi slapp å stå i kø for å prøve ting, og det syns eg er veldig deilig i slike parkar. Ein får liksom so mykje meir ut av parkane når ein slepp å stå i kø, kø, kø.

No har eg og ungane vore heime i 3 veker medan Geir har jobba. Vi har stort sett vore heime. Deilig etter å ha vore mykje vekk i helgane den siste tida. Vi har hatt den store gleden av å ha vore i 3 bryllup i juni, og dermed har det vore ein del farting.


Onsdag kom eg og ungane i H.dalen. Geir kom torsdagskveld. Då låg han og storeungane på hytta, medan eg brukte dagen og kvelden til å treffe venninner både her og på Eid. Fredag var vi på Malakoff rockfestival på Eid. Vi starta med vorspiel kl tre, og var ikkje heime igjen før kvart på fire på natta, so det vart ein laaaaang fest :) Utrulig artig å treffe gamle kjende igjen, men eg må ærlig innrømme at frå klokka halv to var eg i grunn so kald og trøtt at eg berre ville heim. Vi skulle ta festivalbuss heim, so det var berre å bite tenna i hop og holde ut :)


 I dag regna det, men vi måtte ha oss ein luftetur. Vi reiste opp i dalen og gjekk på jakt etter sauder og kyr. Og so kasta vi stein i Hyttevatnet og plaska og leika i vatnet og blei våte. Herlig å kome seg ut dagen derpå.
Under båtfestivalen i Ålesund var vi på tivoli ilag med Karl Idar, Nina og kidsa. Her er Ingrid og Marius supertøffe og tar den store karusellen.  
Og her er Henrik og Eirik klar for ny flytur :)

Julie skal snart begynne i barnehagen, og vi har vore bortom og sett litt. Ho kosa seg veldig, so eg håpar ho syns det er kjekt å vere der- uten mamma og!


tirsdag 24. april 2012

Bloggproblem

Datamaskina mi har klikka, og jobb-pcen nektar meg å laste opp bilder til bloggen. Det er grunnen til at det ikkje kjem nye innlegg.... Skal få lagt over litt bilder på Geir sin pc etterkvart slik at sida blir oppe og går igjen, men det er litt hektisk i heimen for tida. Eg er begynt å jobbe igjen, Julie er sjuk (omgangsyke+feber) og Ingrid og Henrik må få oppmerksomhet og følgast på det dei er med på. Kjem altso sterkare tilbake snart :)

Ha ei nydelig veke i sola!! Eg syns det er so herlig no!!:)

mandag 27. februar 2012

Familieglimt

I dag er det mandag, og ei helg er over. Vi hadde ein liten plan om å reise i Honndalen på ein mini-vinterferie denne veka, men vegen mellom Stranda og Hellesylt har vore stengt, og vi har derfor holdt oss heime. Ungane har hatt korte dagar og fri inn i mellom. Dei blir rastlause om dei er heime for mange dagar på rad utan at  noke spesielt skjer, so då er det betre å ta ein dag fri i ny og ne. Her er litt utebilder frå helga. Julie syns det er svært å få vere ute med Ingrid og Henrik. Då får ho både sete i dukkevogn, køyre traktor og trehjulsykkel, og reie. I tillegg til å vere litt ute har vi vore på Leikeland i bursdagselskap, og på svømmekurs.
 Henrik hadde med Fiffi, bamsen til avdelinga, heim torsdag.
Det var stas, so ho og måtte få bli med ut å leike.


 I dag har Ingrid vore med tannpleiar, og hatt fri heime. Vi har baka brød og hatt naboen Lise og Leah på besøk. Leah er berre fem dagar større enn Julie, so dei skal få mykje glede av kvarandre framover. Ingrid fekk raskt besøk av Nikoline, nabojenta ovanfor oss. Pappaen er sjømann, og er heime for tida, so då passa det utmerket at dei to jentene kunne leike ilag i dag. Dei styra og ordna sann med dukkene, og ein merkar ikkje at ein har dei i hus. Perfekt med slike naboar!:)

Måtte ta med eit bilde frå babysong. Her sete Julie i djup konsentrasjon med maracassen ilag med Asbjørg som ledar songen. Julie likar seg kjempegodt her! Driv å bearbeidar Geir til å fortsette å gå dit når han tar over permisjonspinnen ;)
 Julie med frisør Ingrid.
Verdens beste Henrik!

søndag 19. februar 2012

Blei visst vinter i staden.....

For nokre dagar sidan sat eg og draumde om våren, og i dag vakna vi til snø?! Kva er det for noke? Neida, er koseleg med snø, ungane kan renne på kjelke, og Henrik og Geir kan måke snø ;)

 I dag kom gjengen frå Hovdebygda på middag. Husmora slo til å laga klubb (ball) faktisk. Det er lenge sia sist. Skjønnar ikkje kvifor, er jo so godt, og ganske enkelt i grunn.... Blei inspirert av Åshild og Ole Ivar som serverte oss det sist vi var der på middag.
 Sola kom sovidt innom oss- for FYRSTE gong i år. Herlig, herlig!! Då var det berre å kome seg ut å renne på akebrett, og måke snø med traktoren. Her er det Eva og Bjørn som er i aksjon.
 Åshild og Trym tok seg ein tur på formiddagen i dag, og då var det utkledning som var det artigaste.

 Julie får prøvesete TV-stolen til Ingrid. Stas!
 Fredag var det karnevall på Henrik si avdeling, og Henrik ville vere Sabeltann. Herlige snille guten vår <3
Kos <3

torsdag 16. februar 2012

Snart vår?

Mars er fyrste vårmånad og det er ikkje lenge til no. Eg gler meg til det byrjar å spire bå
de med snøklokker og krokussar. Har faktisk høyrt rykte om at snøklokker allereide er observert her i Bjørkavågen. Vi får endeleg tilbake sola i helga, og eg berre håpar at veret blir sopass at vi får sjå litt til den. Då må eg vel til å vaske stoveglasa utvendig og.... eller.... høyrte at det var mannen sin jobb, so eg får sende ut Geir. Han kan vertfall spyle dei :)

Ingrid og Henrik er begynt på svømmekurs på Moa. Eller, svømme og livredningskurs heiter det vel. Vi syns at det er vel anvende pengar for å lære dei å svømme og dykke under vatn. Begge er ganske trygge i vatnet, hoppar og styrar. Men dette er litt anna, dette er rein trening, ikkje noke leik. I fem helgar framover veit vi dermed kva vi skal gjere på, svømmekurs kvar laurdag og søndag. Eg må ærlig innrømme at å ha vore veldig mykje på farten helgane i januar og starten på februar er det deilig å berre vere heime.Vi har mange vennepar her oppe som vi treng å bruke tid på og. I går var fyrst jobben her på besøk, og so kom Stine, Ottar Inge og Maja på sein middag. Kjente at eg saknar litt gjengen frå jobb. Eg hadde verdens beste kollegar, og det er dumt at eg ikkje får tilbake til det trinnet eg var på. Men, sann er det, der er ikkje plass til meg lenger. Det blir heilt sikkert veldig kjekt på det trinnet eg kjem på etter påske og. Må berre kome inn i det, og bli betre kjent med dei som jobbar der. Vi snakka litt om det i går, at skulen er so stor at det er nesten som å begynne i ny jobb når ein byttar trinn å jobbe på. Litt av fascinasjonen ved skulen.

I dag er det foreldresamtale på avdelinga til Henrik, og 8-mnd kontroll på helsestasjonen med Julie. Etterpå er vi so heldig å vere invitert på middag med Randi og Rune. Deilig å sleppe å lage middag!

 Måtte berre legge inn bilde av vår nye sofa. Er sooo fornøgd. Syns stova blei mykje finare no.
 Ein ekte gentleman, Henrik drar prinsesse Emma på kjelken då vi var på Fiskå.
Linn Victoria blei 11 år 2.februar <3
Bursdagsfeiring!

Herlige snuppa vår som straks blir 8 mnd <3