Endelig påskeferie! Deilig å skulle ha fri ei veke og slappe av og nyte livet :) Ferien starta med besøk av Elisabeth, Stein og Mathilde på fredag. Dei var med oss til søndag. Laurdag var Ingrid i 5 årsdag på leikeland til ei venninne, etter selskapet var ferdig inntok resten av gjengen leikeland, og vi var der i fleire timar til ungane si store glede. Det er veldig lenge sia vi var der sist.
Då gjengen reiste på søndag pakka vi i bilen og reiste til Fiskå. Der hadde vi fine dagar med familien til Geir. Ungane styrte på i fjøsen og var med å henta både høy og grus. Dei var også mykje ilag med søskenbarnet sitt Mathilde. Ein dag dei var ute å leika fann ho fram hageslangen deira og satte på og spylte både Ingrid og Henrik. En morsom ide, men det blei hyl og skrik etter kalddusjen og vi måtte gå nedigjen til farmora for å skifte på dei tørre kle. Det er forskjellige morsomme idear dissa små har :)
Vi var også innom brannstasjonen, for onkel Per er brannmann. Det blei tur med brannbilen og prøving av brannmannhjelm og anna. Henrik som elskar alt som har med brannmenn/brannstasjon å gjere var i himmelen :)
Onsdag gikk turen vidare til Honndalen. Geir, Ingrid og pappa gikk på ski på hytta, medan Henrik, eg og mamma var igjen nede. Eg slappa av inne medan mamma og Henrik styrte på ute. Eg har hatt nokre veldig rolige feriedagar, deilig!:) Magen vekse og no er eg i veke 34, kun 6 veker igjen til termin.
I dag skulle vi egentlig gå på hytta for å overnatte, men sidan det regnar i dag og er meldt strålande sol i morgon trur eg vi drøya det til i morgon med å reise opp. Er kjekkare å vere der oppe i solskinn.... Det blir i staden litt besøk hit og dit i dag. Mamma snakka om å lage ribbe (pinnekjøt) til middag og i dag, og det kan vi like :)