søndag 2. mai 2010

Hekk, overnatting og tivoli

Ja, det er tre stikkord som oppsummera helga vår temmelig bra. Viss det skal gjelde Geir og, so må vi snike inn ordet "gutte-fest" og. Det var den som gjorde at eg og ungane måtte søke overnatting andre plassa :) Kvar vår samlast gutte-gjengen og har ein kveld ilag uten oss damene. Eg kan ikkje skjønne at det kan vere noke festlig uten oss, men det får no so heller vere ;)

Fredag var det ryddedugnad i Bjørkavågen, og som en av medlemmane i grendalaget stilte eg sjølvsagt opp. Ilag med Ingrid, i et ufyselig ver..... Eg fikk ansvar for å plante opp i potter som skulle hengast på postkasse-stativa rundt om, so det var i grunn grett.

Laurdag var det hekkplanting som sto på agendaen. Tom (naboen) og Geir var å handla Smaragd tuja etter jobb fredag, og fekk den raskt opp laurdag mellom to regn/haglbyger. Resultatet blei bra til hekk å vere.



Ungane kosa seg ute medan karane jobba og eg såg på.

Sparkesyklane er veldig populære, og Henrik er no begynt å få skikkelig dreisen på det.


Nina inviterte oss til å kome på overnatting. Det er lenge sia vi har vore på besøk med dei no, men ungane fann fort tonen igjen. Det blir alt for sjelden besøk i ein travel kvardag. Føle det er noko som skjer heile tida... Men no har eg lovd meg sjølv at vi skal bli flinkare å treffast!




Kjekt besøk for både små og store!

Marius hadde sett tivoli i byen laurdag, so i løpet av oppholdet vårt bestemte han og Ingrid seg for at dei skulle på tivoli søndag. Er ikkje kvar dag det er tivoli i byen, so dei fekk viljen sin.....


Har også endelig fått besøkt lille Ingeborg, jenta til Jenny denne veka. På grunn av Rota-viruset har ikkje eg turt å reise dit før. Ho var so søte og snille atte! Nydelig lita jente :)

Ha ei super veke folkens!:) Det er nærma seg sommar for kvar dag som går!!!! Berre vi får litt varme no, so blir det her flott.

søndag 25. april 2010

Honndalsbesøk

Denne helga hadde mamma og pappa avløysar og kunne ta seg ein weekend her med oss. Dei kom fredagskveld og var til søndagsettermiddag. Mamma er ganske fornøgd med besøksfrekvensen sin her no, ho var her for 14 dagar sidan og ligge no på eit snitt på ein gong i månaden. Skulle berre mangle seie eg ;) Vertfall kjekt for både små og store å ha besøk av dei.

Laurdag var vi litt på shopping, men mest berre heime og slappa av og kosa oss.

Søndag (i dag) gjekk turen til Alnes fyr. Begge ungane ville sete på med "besten", so eg og Geir hadde en rolig biltur :)
På kafeen kjøpte vi oss vafler, sveler, is, brus og kaffi.


So gjekk turen vidare til sjølve fyret. Der var det kunstutstilling nede.

Og mange trapper for å kome til toppen.


Fin utsikt frå toppen.


Turen vidare gjekk rundt Valderøya før vi reiste heim og laga tacos før mamma og pappa skulle i H.dalen igjen. Flott tur, og neste gang vi skal ut skal vi kle oss enda betre slik at vi kan gå litt meir ute og sjå.

I kveld skal vi legge oss tidlig, for vi er jo ikkje vand med å vere oppe til over midnatt slik vi var i helga ;)

Rota-virus og besøk

Dei to siste vekene har vore ganske trasige. Henrik har hatt omgangsyke-viruset Rota-viruset i ti dagar! Vi har hatt å gjort på for å seie det sånn..... Tirsdag var vi til lege med han, men han var ikkje dehydrert, og dermed måtte vi berre vente på at viruset fekk gå sin gong. Fredag var han endelig i barnehagen igjen, og der var gjensynsgleda stor. Han som pleie å skrike når vi levera, sprang glad inn døra :) Herlig!

Fredagsettermiddag var heimen vår smittefri og gjengen frå Hovdebygda fekk endelig komt på besøk etter Thailandsturen sin. Der var også gjensynsgleda stor. Ungane leika kjempe fint ilag heile ettermiddagen og kvelden. Eva fikk arve bunad, kjole og fleire par sko frå Ingrid. Grett å bli kvitt litt av det ein lagrar på.

Emma og Henrik er omtrent like gamle. Han er født i juni og ho i september.

Ingrid og Emma fjasa :)

Ingrid og Henrik fikk sparkesyklar med besta sist ho var her, og dei fikk virkelig køyrd seg fredag.

Kjekt med besøk!

søndag 18. april 2010

Elisabeth vart drukka ut!:)

22.mai skal Elisabeth og Stein gifte seg på Fiskå. Forrige helg var Geir på Hemsedal i utdrikkingslag til Stein, og denne helga var det min tur til å drikke ut Elisabeth. Dette var en veldig kjekk dag med god frokost, SPA time til bruda, glassblåsing, lunsj og pub og til pub runde. Eg tok det ganske rolig sia Henrik har vore sjuk heile veka med omgangssyke, og eg og Geir har hatt influensa. Håpe virkelig neste veke blir ei friskare veke....

onsdag 7. april 2010

Gode jentene!:)

Fredag hadde vi venninnene frå Eid vidaregåande treff med Ann Serine. Ikkje alle kunne kome, men vi blei en god gjeng likevel. Det er rart å tenke på at det er 10 år sidan vi var russ ilag. Føle ikkje det er so lenge sia vi susa rundt i Vorsbilen vår og gjorde mykje sprell :) Jammen var det kjekt på vgs., og jammen er det kjekt at vi fortsatt klara å treffe kvarandre eit par gongar i året. Denne gongen var også ungane våre med. Artig å sjå kor dei vekse til og bli berre søtare og søtare. Veldig koselig å sete å småprate med (dei no voksne)snuppene mine igjen og ;)
Her er Nemine (med ryggen til) som er jenta til Katrine, Nicolas i vippestolen og Noah i stripette genser er gutane til Ann Serine, Balder som set ved sida av Noah er guten til Siri Anette, Ingrid er på plass, men Henrik var for opptatt med leikekjøkkenet til å bli med på bilde. Guten til Åshild, Trym, set i bilstolen, og Kaja med hjerte på kjolen er jenta til Hilde.

Vi laga litt mat kvar og hadde med. Blei en herlig lunsj :) Hilde bur på Eid, Katrine i Skien, Mari i Bodø, Åshild i Ålesund, Siri Anette i Trondheim og Ann S på Eid. Litt her og der altso :)

Herlig å sjå kor ungar leikar seg ilag likevel om dei ikkje kjenner kvarandre!

Sidan vi skulle rett til Fiskå etter besøket var Geir med. Han kjenner Frode (mannen til Ann Serine) frå då dei også budde i Ålesund, so det passa fint. Her er guttegjengen i stova å leika med "store-leikane".

Nemine og Katrine

Siri og Balder beundrar Trym.

søndag 4. april 2010

Fiskå-påske

Vi kom til Fiskå på fredag og var til søndag. Det blei dessverre tatt litt lite bilder, men vi kosa oss stort ilag med resten av gjengen der. Laurdag var den store dagen med feiring av Sigrun, tanta til Geir, sin 60 årsdag. Ho hadde invitert familie og venner til hyggelig selskap i feriehuset sitt på Fiskå.
JUBILANTEN! Snille, barnevennlige Sigrun!!:)
Ingrid ser litt alvorlig ut, men det hadde ho ingen grunn til. Ungane hadde det bra og Ingrid framførte til og med song til jubilanten. Ho song "På Golgata sto det ein kross...." :)
Geir hadde laga et flott dikt som han framførte.
Henrik hadde med seg to traktorar, so han hadde nuk å styre med.
Her er det komande brudeparet Elisabeth og Stein med Mathilde. Dei skal gifte seg 22.mai, og vi gler oss stort. Ingrid og Henrik har vore mykje opp med Mathilde å leika i helga. Kjekt med gode søskenbarn!

Honndalspåske

Vi kom i Honndalen mandagsettermiddag. Geir hadde ein travel innspurt på påska med jobbing både laurdag og søndag for å bli ferdig med eit prosjekt. I Honndalen var dagane fulle av aktivitetar. Måndagskveld gjekk eg tur ilag med Helga Renate og Unni, tirsdag var vi på ski på hytta på dagen og på ost og vin ut med Anne Marte på kvelden. Der var ho, eg, Anne Lise og Helga Renate. Vi sat å mimra tilbake til barndommen heilt til klokka var halv to. Kjempe koselig! Onsdag reiste vi en tur til Stryn so Geir fikk kjøpe seg ny Moods-genser, og på kvelden fekk vi besøk av Ove og Oddrun. Torsdag pakka vi sekkane og labba avgårde på hytta for å overnatte. Der fekk vi besøk av Unni og Frode. Fredag var det treff med vgs.venninnene på Eid. Supert å få treffe dei igjen!!:)

Søskenkjærlighet....
Vi gjekk tur på hytta tysdag, og frå torsdag til fredag overnatta vi. Henrik fekk prøve systra sine ski for fyrste gong, og det var veldig svært. Fyrst var det litt tørrtrening på platten før han og Geir tok seg ein liten tur i løypa og nokre gongar ned ein bakke.

Vi grilla pølser og hamburger, men sia sola ikkje var framme åt vi inne.
Hyttekos!
Henrik er "besten-dalt" som Ingrid seier. Her er det kosing i stolen før vi skulle reise fredag.


Og "besta-dalten" får håret ordna før avreise :)