mandag 5. august 2013

Hunderfossen

Gjengen på Mageli camping! Eg, Geir og Julie sov i telt, medan Ingrid og Henrik camperte i bobilen med besta og besten. Deilig sol og alle fornøgde! Merkbart varmare enn heime for å seie det sånn.
Dagen på Hunderfossen gjekk i full fart der vi nesten sprang frå den eine aktiviteten til den andre. Heldigvis ikkje særlig med kø :)







søndag 14. april 2013

Haren i familien....

Er ikkje det noko med at det er lurt å ha ein hare fremst når ein skal få fort opp farten når ein skal noko? Her i familien har vi i så tilfelle ein hare. Det er Henrik. Han har eit konkurranseinstinkt som få, skyhøg sjølvtillit og i tillegg er han faktisk ganske so fysisk flink. Uansett kva vi skal, so må han ligge fremst. Om det er på skitur, sykkeltur, fjelltur, ja, same kva tur, so fyke han fremst, og han held det tempoet han må holde for at ingen skal ta over tetplassen. Han er heldig so har ein kondis og kroppsbeherskelse som gjer det mogeleg for han å fortsette slik. Litt heldig er han også som har ei syster som er to år eldre, og som er meir avslappa- slik som mora. Ho MÅ ikkje vere fyrst verken hit eller dit. Ho MÅ ikkje vere best i noke. Ho KAN kome sist opp bakken.... og sann kan eg fortsette. Det er litt artig å sjå kor ulike dei er. Og kor godt dei dermed passar ilag.
Her "spring" Henrik på hytta med ski for å kome raskare opp enn besten....

søndag 7. april 2013

Kva skal eg sei....

er grunnen til at bloggen her er blitt nedprioritert av fru Berge..... hmm.... fordi eg brukar so mykje facebook og andre sosiale forum til å formidle livet i heimen.......fordi det er mykje som skjer heile tida.....fordi eg gløymer det rett og slett......  Det er nok fleire grunnar, men no skal eg prøve å skjerpe meg- IGJEN!

No er klokka over ni ein søndag dagen derpå, og for dei som kjenner herr og fru Berge veit at det då nærmar seg leggetid med stormskritt....  I går var vi på 70/80-tallsfest. Eg syns det er artig å kle meg ut, men Geir er ikkje glad i det. Vertfall ikkje før fyrste drinken er tatt. Det såg vi i går. Han ville gå enkelt kledd i noke cordfløyel, og ei vanleg skjorte, men når han kom inn til Rune og Randi og fekk sjå bossekkane med klea til Rune sin far, vart han heilt øsen og prøvde både det eine og det andre. Merkeleg nok var ikkje alle kleda i rett størrelse, og den blå fancy dressen som han la sin elsk på, gjekk dessverre ikkje igjen, uansett kor mykje han prøvde. Han var til og med inne på tanken om å få låne ein blå bokser med Rune, for å kunne gå med dressen med open smekk med matchande bokser. Ingen ville vel sjå forskjell i den dunkle belysninga på ungdomshuset..... Men neida, han enda opp med eit gult sett, lekkert det og. 

Randi og Rune hadde gjort en del meir ut av det enn oss ser dokke. Der var det både parykk og gamle konfirmasjonskle fra 70 tallet. Artig!

Ungane hadde vi køyrt i Honndalen, og dei kom oppatt i dag. Det var nydelig sol, og på grunn av den hersens snøen som kom igjen laurdag, var det fint ski- og akeføre i vegen. Vi var ute ilag med naboane omtrent i heile dag.



 Berre for nokre dagar sidan trudde vi våren var komt for fullt, og Ingrid fekk seg ny sykkel i veka. Vi rakk heldigvis å sykle eit par turar før snøen kom...
 

Påska var jo også heilt magisk. Nydelig ver som berre varte og varte.... Her heime blei det tur på Leirvågfjellet, skogen ved skulen og leiketid i gata. På Fiskå var det fjøs og søskenbarnkos som var i fokus. I Honndalen var det ski og soling ;)







Før påske var vi på kjærestetur til London ilag med godaste Stine og Ottar-Inge. Vi fekk med oss to musikalar og mykje shopping!!!Kjekt og viktig med kvalitetstid med dei no når dei er flytta til Vanylven.Vi meinar sjølvsagt at dei aaaaaldri burde flytta!




Jentetur til Bergen har eg og vore på. Eg, Jenny, Marianne og Lena var ei helg med Christine. Superartig!!




Ellers har vi hatt febersjuke ungar; 

 Som alltid, nydelege ungar:

 Tøysette ungar;
 Sporty ungar;
  Laurdagskos:
















Venninnetreff:  

Og som alltid, forelska;

 

Ha ei fantastisk veke!

tirsdag 1. januar 2013

Romjulsbilder

Fiskå 2.dag- 5.dag

 Fjøsgjengen!




 Juletrefest på Fiskå

 Ingrid og Eva var forsongarar på Julekveldsvisa

 Skitur i Hjortedalen
 
Juletrefest i Honndalen

Godt nytt år!!


Da var vi i gong med eit nytt år, og eg håpar dette året vert like kjekt som 2012. Eg føler meg utruleg heldig som får oppleve so mykje flott kvart einaste år ilag med gode vennar og familie.  
Tusen takk for alle gode opplevingar i 2012, og alle gode ønsker for det nye året!!

 Posering foran juletreet til mamma og pappa. Vi kom dit 5.dag, og feira nyttår med dei.
 Vi fann fram brettspelet vi hadde når vi var små, Disneyland. Det engasjerte både små og store, og ilag med filmen Alene hjemme underholdt det so bra at storeungane klarte å halde seg vakne til over midnatt slik at dei fekk med seg alle rakettane.




Nyttårsdans
1.nyttårsdag