No er klokka over ni ein søndag dagen derpå, og for dei som kjenner herr og fru Berge veit at det då nærmar seg leggetid med stormskritt.... I går var vi på 70/80-tallsfest. Eg syns det er artig å kle meg ut, men Geir er ikkje glad i det. Vertfall ikkje før fyrste drinken er tatt. Det såg vi i går. Han ville gå enkelt kledd i noke cordfløyel, og ei vanleg skjorte, men når han kom inn til Rune og Randi og fekk sjå bossekkane med klea til Rune sin far, vart han heilt øsen og prøvde både det eine og det andre. Merkeleg nok var ikkje alle kleda i rett størrelse, og den blå fancy dressen som han la sin elsk på, gjekk dessverre ikkje igjen, uansett kor mykje han prøvde. Han var til og med inne på tanken om å få låne ein blå bokser med Rune, for å kunne gå med dressen med open smekk med matchande bokser. Ingen ville vel sjå forskjell i den dunkle belysninga på ungdomshuset..... Men neida, han enda opp med eit gult sett, lekkert det og.
Randi og Rune hadde gjort en del meir ut av det enn oss ser dokke. Der var det både parykk og gamle konfirmasjonskle fra 70 tallet. Artig!
Ungane hadde vi køyrt i Honndalen, og dei kom oppatt i dag. Det var nydelig sol, og på grunn av den hersens snøen som kom igjen laurdag, var det fint ski- og akeføre i vegen. Vi var ute ilag med naboane omtrent i heile dag.
Berre for nokre dagar sidan trudde vi våren var komt for fullt, og Ingrid fekk seg ny sykkel i veka. Vi rakk heldigvis å sykle eit par turar før snøen kom...
Påska var jo også heilt magisk. Nydelig ver som berre varte og varte.... Her heime blei det tur på Leirvågfjellet, skogen ved skulen og leiketid i gata. På Fiskå var det fjøs og søskenbarnkos som var i fokus. I Honndalen var det ski og soling ;)
Før påske var vi på kjærestetur til London ilag med godaste Stine og Ottar-Inge. Vi fekk med oss to musikalar og mykje shopping!!!Kjekt og viktig med kvalitetstid med dei no når dei er flytta til Vanylven.Vi meinar sjølvsagt at dei aaaaaldri burde flytta!
Jentetur til Bergen har eg og vore på. Eg, Jenny, Marianne og Lena var ei helg med Christine. Superartig!!
Ellers har vi hatt febersjuke ungar;
Som alltid, nydelege ungar:
Tøysette ungar;
Sporty ungar;
Laurdagskos:
Venninnetreff:
Og som alltid, forelska;
Ha ei fantastisk veke!





















Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar