søndag 14. april 2013

Haren i familien....

Er ikkje det noko med at det er lurt å ha ein hare fremst når ein skal få fort opp farten når ein skal noko? Her i familien har vi i så tilfelle ein hare. Det er Henrik. Han har eit konkurranseinstinkt som få, skyhøg sjølvtillit og i tillegg er han faktisk ganske so fysisk flink. Uansett kva vi skal, so må han ligge fremst. Om det er på skitur, sykkeltur, fjelltur, ja, same kva tur, so fyke han fremst, og han held det tempoet han må holde for at ingen skal ta over tetplassen. Han er heldig so har ein kondis og kroppsbeherskelse som gjer det mogeleg for han å fortsette slik. Litt heldig er han også som har ei syster som er to år eldre, og som er meir avslappa- slik som mora. Ho MÅ ikkje vere fyrst verken hit eller dit. Ho MÅ ikkje vere best i noke. Ho KAN kome sist opp bakken.... og sann kan eg fortsette. Det er litt artig å sjå kor ulike dei er. Og kor godt dei dermed passar ilag.
Her "spring" Henrik på hytta med ski for å kome raskare opp enn besten....

Ingen kommentarer: