lørdag 30. mai 2009

Siste frå oss

I går feira Bjørkavåg barnehage bursdagen sin, og det gjorde dei med karnevall. Ingrid har egentlig fri fredagane, men fekk vere der frå 10 til 12. Kl ett var eg og ungane på helsestasjonen der Henrik fekk to vaksiner. No er han 9,3 kg og 75 cm. I går kveld var det so flott at ungane fekk ete kvelds på verandaen. Svære greier for små kroppar :)
Tysdag opererte eg ut eine visdomstanna mi, og blei litt redusert. Er fortsatt opphovna og har problem med å tygge. Det går mykje i smoothie, men i dag håpa eg at eg e klar for vanlig mat igjen! Åshild og Ole kjem i kveld på salat og foccacia, og det vil eg ha!!:)
Det e kje berre sol og varme her oppe, det har jammen regna litt i det siste og. Her e det Henrik som syns det var so kjekt å plaske med handa i sølepytten.
"Klare sjølv..."

søndag 24. mai 2009

Kom mai du skjønne milde....

Det er so herlig med vår!!:)
Denne langhelga har Geir måla hus medan eg og ungane har kosa oss som best vi kunne. Ingrid er blitt kjent med ei jente her i gata som er like gammal, so vi har både vore på besøk med ho, og ho har vore med oss. I tillegg hadde Ingrid besøk av Marius laurdag. Vi har og vore å ete bollar med Åshild, og besta og besten har vore på besøk.
Og- HENRIK HAR LÆRT SEG Å GÅ!!!:)
Nokre dagar før han blei 11 mnd gjekk han over stovegolvet :)
Ingrid og Marius To luringar på tur....
300 perler plukk opp.... Her måtte mamsen telle til 10 og tilbake igjen. Ingrid tømte ut perleboksen MED VILJE!!!
Som dåkke har sett har vi kjøpt syklar, og her er bilde frå då familien sykla på ferjekaia og kjøpte is. Ungane syns det e kjekt å sete på, og foreldra har veldig godt av trimmen ;)
Ingrid har forresten lært seg å sykle med støttehjul i rekordfart. No syklar ho sjølv bort til barnehagen (må ha hjelp opp bakken til gangveien einaste). Kjempe kjekt!!
JIPPI!! Bolle-baking!!
Ingrid likar ikkje å ha kle på, og drar av strømpebuksa so snart vi får den på.....
I dag kom besta og besten på søndagstur. Vi var berre heime og åt bollar og pizza, og leika.

mandag 18. mai 2009

17.MAI

Vi gjekk i tog her i Bjørkavågen ilag med barnehagen til Ingrid. Her er vi på veg til kyrkja for å starte. Henrik sovna før vi nådde dit, og sov seg gjennom både tog og program ved skulen. :)
Etter toget kom Fam.Moltubakk Vik og Lystad Kragset på grilling, is og jordbær. Då var det blitt so varmt at bunadane blei kasta.....
På kvelden kom Ole Theodor og Ingvild og holdt oss med selskap på verandaen. Kjekke dag!

Sykkelkjøp, sol og glede

No er familien Rygg Berge komt på to hjul. Det er blitt investert i syklar til både store og små. Sånn er det når en får solstikk :) Har vore so fantastisk ver i det siste. Heilt supert! :)Det var min sykkel som fyrst fikk sete på, so Ingrid og Geir måtte ta ei prøverunde. Ingrid syns det var kjempe kjekt å sete på. Fredag tok Geir seg fri for å måle. Og då han var ferdig kom Ove og Oddrun. På kvelden var eg på jentefest med Jenny, men gløymde kameraet ....
Kveldane har vi gjerne tilbrakt på verandaen i kveldsola. Nydelig, nydelig!!:)
Siste treff i Ratvika. Nina og Karl Idar har kjøpt seg hus og skal flytte om ei god veke. Ingrid og Marius måla med fingermåling medan vi voksne såg Aafk-Lyn. Heia Ålesund!!

tirsdag 12. mai 2009

Konfirmasjon

Søndag var vi i konfirmasjon til Olai Tomasgård, sonen til søskenbarnet mitt. Mor og son :)
Eit anna syskenbarn med familie :) Kjekt å treffe alle igjen! Ingrid storkosa seg ilag med alle dei andre ungane. Her er ho ilag med Maja som er akkurat like gammal. Dei sprang og leika heile dagen. Henrik hang på so godt han klarte. No e det like før han går sjølv. Han står lenge, men tørr ikkje heilt å ta steget ut til å gå sjølv. Han blir 11 mnd 24.mai (og er fortsatt uten tenner, hihi). ....................... Kan no slenge på at eg har fått jobb på Blindheim barneskole frå hausten, so då blir det slutt på heimetilværelsen. Eg skal vere kontaktlærar for ei 5.klasse, 100 % stilling...

Mini-ferie i Honndalen

Frå tysdag ettermiddag til søndag var eg og ungane i H.dalen. Vi rakk å treffe mange der, og vi kosa oss :) Jepps, dåkke ser rett. Eg er i fjøsen ;) Ilag med Henrik (som er noke feminin kledd sia han må arve fjøskle etter Ingrid), Ingrid, Markus og Elias (nabogutane). Her er vi omtrent opp i saue-garden, har fått seks små lam.

Etter å ha vore i mamma og pappa sin fjøs, ville ungane ut i Magne (naboen) sin fjøs. So då var det berre for meg å henge på. Heldigvis fann dei etterkvart ut at det var like so kjekt å styre på i sanden som i fjøsen.

Og etter hardt arbeid i fjøsen var det belønning! Henrik e begynt å få smake is, og ELSKA det! Noke stolt og fornøgd kar her ja....

Etter nesten ei veke med piss-regn var det deilig med oppholdsver. Skrekkblanda fryd når systa drege på traktoren.

mandag 11. mai 2009

Jippi- kamera igjen :)

Jepp, dagen etter at eg kjøpte nytt kamera dukka "gamle" kameraet opp på Fiskå. E kje det typisk?! Jaja, no har vi to temmelig nye kamera.... Her e nokre bilder frå før kameraet forsvann på Fiskå i påska.