søndag 24. mai 2009

Kom mai du skjønne milde....

Det er so herlig med vår!!:)
Denne langhelga har Geir måla hus medan eg og ungane har kosa oss som best vi kunne. Ingrid er blitt kjent med ei jente her i gata som er like gammal, so vi har både vore på besøk med ho, og ho har vore med oss. I tillegg hadde Ingrid besøk av Marius laurdag. Vi har og vore å ete bollar med Åshild, og besta og besten har vore på besøk.
Og- HENRIK HAR LÆRT SEG Å GÅ!!!:)
Nokre dagar før han blei 11 mnd gjekk han over stovegolvet :)
Ingrid og Marius To luringar på tur....
300 perler plukk opp.... Her måtte mamsen telle til 10 og tilbake igjen. Ingrid tømte ut perleboksen MED VILJE!!!
Som dåkke har sett har vi kjøpt syklar, og her er bilde frå då familien sykla på ferjekaia og kjøpte is. Ungane syns det e kjekt å sete på, og foreldra har veldig godt av trimmen ;)
Ingrid har forresten lært seg å sykle med støttehjul i rekordfart. No syklar ho sjølv bort til barnehagen (må ha hjelp opp bakken til gangveien einaste). Kjempe kjekt!!
JIPPI!! Bolle-baking!!
Ingrid likar ikkje å ha kle på, og drar av strømpebuksa so snart vi får den på.....
I dag kom besta og besten på søndagstur. Vi var berre heime og åt bollar og pizza, og leika.

1 kommentar:

Laila Kristin sa...

Kjekt med mai og sol, ser ut som dokke nyt dagane:)

Grattis med liten gå-gut! Får vel fart på seg no til sommaren!