lørdag 30. mai 2009

Siste frå oss

I går feira Bjørkavåg barnehage bursdagen sin, og det gjorde dei med karnevall. Ingrid har egentlig fri fredagane, men fekk vere der frå 10 til 12. Kl ett var eg og ungane på helsestasjonen der Henrik fekk to vaksiner. No er han 9,3 kg og 75 cm. I går kveld var det so flott at ungane fekk ete kvelds på verandaen. Svære greier for små kroppar :)
Tysdag opererte eg ut eine visdomstanna mi, og blei litt redusert. Er fortsatt opphovna og har problem med å tygge. Det går mykje i smoothie, men i dag håpa eg at eg e klar for vanlig mat igjen! Åshild og Ole kjem i kveld på salat og foccacia, og det vil eg ha!!:)
Det e kje berre sol og varme her oppe, det har jammen regna litt i det siste og. Her e det Henrik som syns det var so kjekt å plaske med handa i sølepytten.
"Klare sjølv..."

1 kommentar:

Laila Kristin sa...

Kjekt med karneval, sol og regn!

God bedring til mamsen.