Det er so flott ute for tida. Det er ein fryd å trille i barnahgen morgonane når det er lyst og fint ute. Januar som ofte er ein treig og trasig månad har vore fin og rask :) I dag skal eg på babysong og på trilletur med damene. Julie søve ute i vogna, og storeungane er levert i barnehagen. Eg slappar av med ein kopp kakao og God morgen Norge. Må vere lov å kose seg litt innimellom :) Siste veka har vi hatt besøk kvar dag. Vi har hatt både middagsgjestar, og gjestar som har overnatta. Eg likar veldig godt å ha besøk, so det har vore heilt topp. I helga var Anne Marte og familien her. Mathias og Martine fann fort tonen igjen med Henrik og Ingrid, so ungane merka vi lite av. Henrik og Mathias delte rom, og Martine og Ingrid delte rom. Alle sov før klokka var halv ni, og det passa oss voksne ypperlig. Då fekk vi kose oss med vin og snacks og god prat til lang på natt. Med morgonfuglen Julie i hus, so blei det alt for lite søvn, men det har vi no fått tatt igjen med å legge oss tidleg. Laurdag var vi på tur i Løveskogen. Vi laga bål og grilla pølser. Søndag var vi på Fjellsetra. Vi gjekk fyrst litt langrenn før Ingrid og Henrik fekk prøve slalom for fyrste gong, stilig. Vi har eit håp om at dei skal bli glad i både slalom og langrenn. Eg har mange gode minner frå skiturar frå då eg var lita. Eg gjekk cuprenn til den store gullmedalje, og pappa sto på vaskerommet og smurte ski so svetten rann. Eg var ut og prøvegjekk skia i fleire etappar før vi reiste avgårde med topp smurte ski på konkurransar. Då vi kom heim sto mamma klar med eit varmtappa badekar, kakao og knekkebrød med brunost. Guri for ei lykke.... sukk.... Like stor lykke var det ikkje alltid når heile familien gjekk Honndalsrennet (15 km?). Halvvegs hadde vi ungane blemmer på hælane, var slitne og lei. Skia var blitt bakglatte og lokkesjokoladen oppeten. Då var det ein kamp å kome seg i mål og få sin velfortente medalje.....
tirsdag 31. januar 2012
tirsdag 17. januar 2012
Permisjonstid
Denne permisjonen her har rett og slett vore utrulig kjekk! Dei to andre permisjonane var også kjekke, og eg hadde ikkje lyst å begynne å jobb igjen då permisjonen var slutt då heller, men eg syns at denne kanskje har vore enda kjekkare. Æren for det har sjølvsagt Julie og den kjekke barselgjengen som eg er ilag med her på Sula. Det er so mange trivelige damer som treffes, og det er so praktisk når ein berre kan trille på besøk til folk, og trille på babysong. Dagane fyker av gårde, og eg storkosar meg heime med Julie. Det har sikkert også noke med at eg som mor er tryggare og meir avslappa, og at Julie er enkel å ha med å gjere. 20.februar er permisjonen over, men heldigvis skal eg ha ulønna permisjon til over påske. Då skal Geir ta over stafettpinnen fram til eg skal ha sommarferie. Rart å tenke på at min aller siste fødselspermisjon nærmar seg slutten....
Bilder frå overnattingsturen vår til Hovdebygda der vi feira Eva sin 5 årsdag :)
mandag 16. januar 2012
Ikkje akkurat kjapp...
28.juli har eg og Geir vore gift i 5 år. Fem fantasiske år som har gått veldig fort. Åra har faktisk gått so fort at eg rett og slett ikkje har hatt tid til å lage bryllupsalbum. Flott album, litt scrappeutstyr og 500 bilder har legje i ei skuff i kommoden i kjellaren her i årevis. Eg har tatt det fram i ny og ne og tenkt at no, NO skal eg begynne på det. Men det har liksom blitt med det.... Ogso tidlegare i denne permisjonen har eg hatt det framme, men det har seg sånn at eg verken er flink til å lage til slike ting eller tolmodig nok til å få det so fint som eg vil. Eg er frøken effektiv, eg likar ting at ting går raskt. Eg klarar ikkje å gjere ting nøye, eg gjer heller ting fort. Å vere effektiv er ein god egenskap, men det funkar dessverre ikkje alltid so bra. Det det no har enda med er at eg ein kveld berre heiv 200 bryllupsbilder inn i ei fotobok på nettet og bestilte. Rett og slett ei dyr bildebok frå bryllupet- utan tekst og kommentarar. For eg gidde jo aldri i verden å skrive tekst til 200 bilder!! Det har eg rett og slett ikkje tid til.... eller?!
So då Japan foto håpar eg at vårt raske samarbeid kan gje eit resultat som vertfall er betre enn 500 bryllaupsbilder i ei skuff :)
So då Japan foto håpar eg at vårt raske samarbeid kan gje eit resultat som vertfall er betre enn 500 bryllaupsbilder i ei skuff :)
fredag 13. januar 2012
Januar
Denne veka har eg vore aleine-mamma. Geir er i Brasil på jobbtur. Han er der, og i Romania inn i mellom, men heldigvis er han vekke berre ei veke i slengen, so då går det bra. Ungane er grei å ha med å gjere, og Julie søve mykje på dagtid enda. Det som er hektisk er når vi har kosa oss so lenge med barnetv på morgonen at Julie er blitt trøtt og sur før vi kjem oss ut døra. Når ho begynner å sutre skjønnar vi at vi har drøya ting for lenge, og eg prøvar å få Ingrid og Henrik klar i ei fart før Julie blir hysterisk. Då blir det litt irritert "Fort deg da Ingrid!" og "Du klare no å kle på deg sjølv Henrik!" før vi traskar oss avgårde til barnehagen. Julie sovnar som regel før vi passerar postkassa, og idyllen er tilbake.... muligens..... Viss ikkje ligge Henrik og hyler på vegen fordi det hagla i ansiktet hans, og han vil heller køyre enn å gå.....
Ein annan situasjon som endrar seg fort frå idyll til stress er når alle tre badar fint ilag i badekaret heilt til Ingrid blir lei. Då skal ho ordnast, og ho vil gjerne ha fletta håret for å få krøllar dagen etter. Julie begynner å bli lei og sutringa stige i lydnivå etterkvart som eg er ferdig med andre eller tredje fletta (for ja, det er ikkje nok med ei eller to fletter, vi må ha flest mulig for mest mulig krøllar...." Henrik sete i badekaret og sprutar vatn og prøvar å underholde Julie, men det funkar dårlig. No hyler Julie og eg må ta ho opp og ordne ho. Ho roar seg, men det varer berre til eg må ordne Henrik. Ho er ikkje interessert i å sete på golvet ALEINE når ho er trøtt og sleten. Eg tørkar Henrik i rekordfart og får alle ungane i seng. Roen og skuldrane mine senkar seg og eg kan nyte ein kveld i stillhet foran TV`en :)
Denne veka Henrik vore i bursdag på Leikeland, og eg, Ingrid og Julie hang på slep. Ingrid fekk med seg to venninner og dei leika seg nede medan bursdagen var oppe på Aafk-rommet. Stor stas for Henrik å få vere i 5 årsdag på leikeland. Minstemann :)
Ingrid har vore på overnatting med Stine, barnehagevenninne denne veka og. Sist ho skulle overnatte der måtte vi rykke ut å hente ho halv elleve, for då angra ho seg. No fekk ho klar beskjed om at det ikkje gjekk an å angre, for eg kunne ikkje hente midt på natt. Det var ingen problem, og ho hadde storkosa seg!:)
I morgon får Henrik fyrst besøk av ein kompis, og so går turen til Hovdebygda der vi skal overnatte til søndag. Då skal Eva feire 5 årsdagen sin. Geir kjem heim og!!!! Herlig!!
Julie er begynt å krype og klatre denne veka og. Festlig lita frøken!:)
To bilder frå forrige helg og måtte med. Då hadde Ottar Inge guttefest, og eg hadde jenter og barn på besøk og overnatting med meg. Vi kosa oss med ost og kjeks etter ungane var lagde- fordi vi fortena det ;)
Julie og Maja storkosa seg ilag.
mandag 9. januar 2012
Romjul på Fiskå

Stormen Dagmar herja 1.juledag. Mamma og pappa kom seg vel heim frå oss i tide før det blei verkeleg ille. På Fiskå forsvann strømmen halv seks, og ved midnatt forsvann telenettet. Vi skulle i juleselskap med Geir si tante kl 13.00 2.juledag, men sidan vi ikkje fekk tak i noken var vi veldig usikre på om vi skulle reise eller ikkje. Det var ikkje so fristande å reise frå både strøm og telefon til Fiskå der vi ikkje visste korleis ting låg an. Vi tok sjansen, og jammen kom ikkje strømmen tilbake i tide til at middagen vart klar til 14.00 :)
Gjengen frå Hovdebygda hadde feira jul på Fiskå, og dei var der til leggetid 4.dag. Ungane fekk dermed både leika og krangla sin del medan vi var der ;)
3.dag fekk Geir sitt store ønske oppfylt, og vi reiste på juletrefest på ungdomshuset, hehe... Eller var ikkje det heilt sånn Geir??!
"Du grøne, glitrande tre god dag...." Storfamilien i gange rundt juletreet.
Fordi om det er jul slappar ikkje Fiskå-folket av. Her var det full jobbing i fjøstomta. Henrik sat lenge på i gravmaskina, og Ingrid var litt med å køyrde traktor.
Våre bærbare dvd`ar var gode å ha når ein skulle roe ned ungane....
Farfaren braut handa før jul, og hadde mykje smerter fortsatt.
Romjul i Honndalen

5.juledag reiste vi inn i Honndalen. Dei var relativt hardt ramma av stormen Dagmar, og var utan straum, telefon og nett i fleire dagar. Vegen til Otterdal blei skylt på vatnet, og det var rart å sjå bygda om og om igjen på nyheitene. Heldigvis var det ikkje særlige skadar med verken mamma og pappa, eller med Knut Ove og Aud Elin.
I Honndalen var Atle og Silje. Det er ikkje so ofte vi treffe dei, so det var kjekt å møtast igjen. Dei skal gifte seg 16.juni, so det vart litt bryllupsprat. Blir kjekt med bryllup!!:)
Knut Ove, Aud Elin og Mikal var litt sjuke i romjula, men vi fekk heldigvis sett litt til dei.
Posering foran juletreet er heilt nødvendig!
"hahhahahahaha"
Fortsatt har eg ein meget sterk mann ;) Ekteparet Rygg Berge er so store at når vi poserar foran juletreet viser ikkje treet igjen, hehe!
For å klare å holde seg våken nyttårsafta var det rattkjelkerenning før midnatt. Vi skal opp rakettar både i halv ti tida og ved midnatt. Henrik klarte ikkje å holde seg våken, men Ingrid holdt seg oppe til 00.30.
Julie er blitt kjempeflink til å sette seg opp, og røyse seg opp sjølv. På skjelvande bein står ho og går langs med ting no.
I snøsikre Honndalen fekk vi prøvd skia våre so vidt og. Her er vi i Hjortedalen der mamma og pappa har hytte.
Etter å ha vore på juletrefest i ungdomshuset 6.dag kledde Ingrid, Henrik og nokre vennar av dei i Honndalen seg ut og gjekk julebukk i nabolaget. Dei fekk mykje godteri og clementiner og var storfornøgde. Eller vertfall Ingrid. Henrik gadd ikkje å gå til so mange hus. Er ikkje akkurat tettbebygd område eg kjem frå, so blei nokre kilometer å gå, hehe!
onsdag 4. januar 2012
Abonner på:
Innlegg (Atom)











































