søndag 26. juni 2011

Storsjarmøren vår blei 3 år!

24.juni blei godgutten vår 3 år. Det har vi feira i to dagar. Fredag hadde vi fyrst dei største ungane på avdelinga på lunsj og leiking her, og på ettermiddagen hadde vi besøk av gode vennar. Laurdag var det familieselskap. Kjekt med bursdag!!:)

 En som beundra sin ultratøffe traktorgenser!!:)
 Klart for barnehagefest!
Venne-selskap :)

 <3 Henrik var heilt i ekstase over gåvene, og spesielt alt med spiderman var populært. Han kasta kleda og skifta til ny spidermantruse,-sokkar, -t-skjorte, -genser og bukse. Og- ikkje minst, SPIDERMAN CAPS!! Små barn, store gleder!
Henrik, Ingrid, Mathilde og Eva. Emma måtte vere heime med vannkoppa, og sidan Per var opptatt med slåtten var heller ikkje Linn Victoria med.

Julie

 Julie kom til verda 17.juni kl 22.52, 13 dagar på overtid. Ei herlig lita frøken!<3

mandag 13. juni 2011

Medan vi ventar....

I dag har eg hatt to små hjelpera som både har vaska speil og bil :) Om det blei so mykje reinare veit ikkje eg, men det var ingenting å seie på innsatsen og den gode tanken vertfall <3



Herlig med litt sol og varme slik at vi kunne vere ute i heile dag. Har hatt besøk omtrent i heile dag. Fyrst kom Rune og Amalie, deretter Sivert med foreldre og søster (barnehage-bestekompisen til Henrik) og so kom Åshild, Ole Ivar og Trym. Vi har kosa oss med kake, vafler og is ute. Mamma og pappa var her i går, og mamma satte igjen oreo-kaka si, so det passa fint :)


Onsdag var det sommaravslutning på avdelinga til Ingrid. På grunn av dårlig ver måtte vi vere inne. Her er Ingrid blomsterjente under "Blomster små, gule, blå...."


I dag er det ni dagar sidan den berømte terminen min, men det er ingen tegn til at babyen vil ut. Eg har vore på to overtidskontrollar på sjukehuset, men so lenge både eg og babyen er i fin form blir ikkje fødselen satt i gang der før torsdag. Kjenner at det begynner å bli tyngre, magen er ikkje akkurat liten og snerten for å seie det sånn. Men- tross alt, den fysiske forma mi er veldig bra, er berre det at eg er begynt å bli lei av å vente... blir so rastlaus, vil no helst ha gullet i armane no, ikkje i magen....


mandag 6. juni 2011

Fortsatt ingen baby

I dag er det to dagar sidan termin, og det er fortsatt ingen tegn til fødsel her i Bjørkavågen. Eg er i fin form fortsatt so det går bra å vente, men vi gler oss veldig til å få treffe lille-gullet i magen. Ingrid og Henrik er begynt å rope til magen at han må kome ut, men det virka desverre ikkje. Vi må berre smørje oss med tolmod, han/ho kjem når han/ho er klar :)

Ingrid hadde rosa-fest her forrige fredag. Då henta eg fem jenter i barnehagen klokka to, og so hadde vi pølser med brød, pita-pizza, muffins, melon og is før jentene fikk leike seg både inne og ute. Det var stoooor stas :)

I helga var her faktisk litt fint ver. Naboen tok fram vannspredaren slik at ungane i gata fekk kjølt seg ned litt. Veit ikkje om det var so varmt at det var nødvendig, men ungane syns vertfall at det var veldig kjekt.

Ingrid og to nabojenter har styra voldsomt med dukker og vogner heile helga. Passa fint slik at eg fikk slikke sol :)

Gikk no til innkjøp av ny vogn i helga og. Britax B-smart. Sånn går det når en går over termin :)





Ha ei fin veke!!:)

søndag 22. mai 2011

Eg vil ha meir sol!!

Etter at eg gikk ut i permisjon har det kun vore dårlig ver :( Var so flott tidlig i mai, men no er det berre regn og enda meir regn. Kjedelig! Eg hadde ein draum om å ligge strak ut i solstolen til babyen meldte sin ankomst. I staden er det blitt rolige dagar inne med vasking av babykle, dyner, tepper og klutar. I tillegg har eg hekla babyteppe med bestemorruter. Eg har aldri hekla før, men blei inspirert av ein blogg med videoinstruksjon. Blei ikkje so verst til slutt. 70 lappar har eg faktisk hekla, tru det eller ei. No har Ingrid komt med bestilling på eit akkurat same teppe, men det spørs om eg gidde.....  Må hekle på ein kant på ditte teppet fyrst vertfall.

Litt kjedelige fargar kanskje, men det er ikkje så lett når ein ikkje veit kva kjønn det er på gullet som ligg å ventar i magen.


Ellers so hadde vi ei helg heilt utan planar. Vi har gjort litt forskjellig likevel :) Fredag kom Stine, Ottar Inge og Maja på middag, og laurdag kom Åshild og Trym. I tillegg hadde Ingrid besøk av nokre venninner. Søndag var vi på Sundsmyra å leika. Ingrid var både der og på Leirvågsfjellet med barnehagen denne veka, og hadde veldig lyst opp igjen. Fjellturen tar vi igjen, men leika, det gjorde vi.

På ettermiddagen var vi å bada i Røde Kors bassenget med 33 grader! Vi leigde det ilag med Stine, Ottar Inge og Åshild. Heilt ypperlig!!:) Alle storkosa seg!! Heime venta sjokoladekaka eg baka før vi reiste, nam nam!!;)
Ha ei fin-fin veke! Det skal eg. Legen sa på fredag at det ikkje blir fødsel fyrste veka, so her er det berre å slappe av og avvente.....

tirsdag 17. mai 2011

Hipp hurra for 17.mai!!

No skin sola her i Bjørkavågen, men det har ho slett ikkje gjort i heile dag. Det var en heller våt fornøyelse å gå i tog og vere oppe på skulen. Etter ein liten tur på skulen reiste vi til Randi og Rune på grilling og kakeeting. Veldig koselig!:) Men- 17.mai er kjekkast når det er fint ver!!





Kos i saudefjøsen

Laurdag tok vi en spontantur i Honndalen. Vi er begynt å innsjå at fødselen nærmar seg, og fann ut at det kunne vere på tide å hente opp vogna og bilstolen. I tillegg blei vi invitert inn på hytta til Ole Theodor og Ingvild i Stryn, so var grett å ta to fluer i en smekk :)

I Honndalen var der komt søte små lam, og to av dei måtte matast med tåteflaske- til ungane si store glede.






Det har vore dårlig med blogging i det siste, eg skal skjerpe meg! No er permisjonen begynt og eg kan ta det litt roligare. Følte den kom akkurat i tide. Er fortsatt i bra form, men blir fort sliten i ryggen og då er det godt å kunne legge seg strak ut....