Det er skikkelig flott vinter med oss no. Vi har mykje snø og det er kaldt. Enkelte dagar er det litt for kaldt spørr du meg, men vi kan ikkje klage på so nydelig vinterver. Vi har vore en del ute å rent akebrett og leika i snøen. Ellers har vi kosa oss foran ovnen inne. Henrik har begynt å fatte interesse for TV-en, og vil sjå Postmann Pat støtt og stadig. Vi merkar at ungane blir litt meir sletne etter all leikinga i barnehagen, dei vil ha meir rolige aktivitar når dei kjem heim. Ingrid har hatt med akebrett i barnehagen kvar dag, so ho har rent ekstra mykje. På grunn av kulden og den store snømengda har ikkje Henrik vore særlig ute i barnehagen. Ingrid har forresten slutta med nattbleie og no. Vore tørr ei stund, og no slutta vi. Har gått heilt fint. Store jente!
Vi har også vore so galne at vi har bestilt tur til Thailand til sommaren!!! Eg har vel drømt om det i fleire år, og no fann vi ut at det var på tide å kome seg avgårde. Mamma og pappa har vi og lokka med :) Blir rett og slett herlig!!!
Her kjem litt bilder tatt på nyåret.....

Vinterbesøk med Nina og Karl Idar.

Ungane leika veldig fint ilag, og vi vaksne fekk slappe av og prate ilag. Vi ser ikkje kvarandre like ofte no som når vi omtrent budde ilag i Ratvika, so kjekt at vi får til besøk inn i mellom vertfall.

:)

Geir hjalp Rune med nokre få veggplater på søndag, so då leika ungane med Amalie imens.

Ingrid er ei flink "mamma" for dukkene.

Geir laga snøhole :)