søndag 16. januar 2011

Litt fleire glimt frå jula

 I Honndalen var vi på juletrefest på ungdomshuset. Ingrid fekk hjelpe besta med å selge lodd og mat.

 Henrik sovna etter 3.runde rundt juletreet.... men vakna då nissen kom.
 Nyttårsafta feira vi i Honndalen.
Stine, Ottar Inge og Maja kom på besøk då vi kom oppatt. Ungane syns det er sooo stor stas med baby :)

søndag 2. januar 2011

fredag 24. desember 2010

God jul kjære venner og familie!!

Ingrid og Henrik fekk spel i julekalenderen i dag tidlig, so no har vi kosa oss med nokre runder med det.



Vi har også fått lagt på plass alle pakkane under juletreet. Det var veldig mange pakka til å vere berre til oss fire, so no gler vi oss veldig til i kveld når vi får opne :)
Desse bilda er frå i går når det var kokkelering på gong. Karamellpuddingen vart laga samtidlig som ungane ville ha smootie, om å gjere å gjere alle tilfreds :) Magen e begynt å vekse, no er eg 17 veker på vei og formen er fortsatt fin.




 
 
 
I dag skal vi berre kose oss heime med tegnefilmar på TV`en, god mat og kjekke spel. Vi skal også ein tur i kyrkja.
 
Vil nytte høve til å ynskje alle ei riktig god jul!!:)

tirsdag 21. desember 2010

Det nærmar seg jul....

Vi har hatt ei innhaldsrik helg. Fredag var Geir på guttefest bort med Ottar Inge, og eg hadde besøk av Ida, Ingvild, Stine med Maja og Åshild med Trym. Veldig koselig med jentekveld, men vi må vel innrømme at vi var ganske nysgjerrige på kva som skjedde på festen til Ottar Inge. Vi sente bort Ida som spion, men det var lite spennande ho kom tilbake med. Alt gjekk so fint føre seg der visst nok :)

Laurdag var vi på kino og såg Elias-filmen ilag med Nina, Karl Idar og ungane. Eg var ikkje heilt imponert over filmen, eg var vel meir imponert over at ungane holdt ut gjennom heile. Det hadde dei vel gjerne ikkje gjort hadde det ikkje vore for posane med smågodt som dei var utstyrt med.....

Søndag hadde vi invitert opp både min og Geir sin familie på førjulskos. Eg hadde laga koldtbord og kaker, og vi hadde ein veldig trivelig dag med utveksling av gåver. No gler både vi og ungane oss stort til å åpne alle pakkane på julafta :) Bjørn, Nongyao og ungane er i Thailand, so dei var ikkje her. Per måtte ha fjøs, og Knut Ove måtte lese på eksamen. Vi var dermed ikkje fulltallig, og Ingrid kommenterte at det "Var i grunn litt lite unga her...:"
Her er dei omtalte ungane. Søte og gode!

 Dei vart etterkvart litt sletne, og då var det godt å finne kvart sitt besta-fang å slappe av i.
 Farmor hadde på seg pels då ho kom, og den blei brukt til å leike "Bjørnen sover med". Stor suksess!
 I dag hadde eg siste dag på jobb, og då syns vi at det passa å pynte juletreet heime. Sidan vi reise vidare 2.juledag må vi pynte det no skal vi ha noko glede av det. Eg hadde ein flott dag på jobb der eg både fekk masse snop i julegåve frå elevane+ at eg vann kalendergåve som var ei vaskebøtte med ei vinflaske og kjempe mykje godteri. Eg har vertfall fått nok snop til at det skal holde lenge!! Ingrid og Henrik fekk store auge då eg kom heim og blei sooooo misunnelig :)

Familien Berge sitt fyrste juletre i eigen heim :)


Ingrid  bekymrar seg veldig for korleis det skal gå med besta når ikkje vi skal i Honndalen og pynte juletre i år. Eg prøvar å berolige ho med at besta kan få hjelp av både besten og lille Mikal, men det har ikkje Ingrid heilt trua på. " Besta blir sooooo lei seg når ikke EJ kjem å hjelpe ho å pynte treet". Ho er altso meir bekymra for ei sørgande besta under pyntinga enn under sjølve julafta. Jaja, skal sjå ho besta klara seg godt utan oss i år. Det er vertfall deilig å sleppe å stappe bilen proppfull av pakkar i tillegg til kle og utstyr i jula. Vi har trua på at vi skal få ei fin julafta her aleine, og so får vi no berre sjå kor det går både her og der :)

mandag 13. desember 2010

Lucia

I dag fikk ungane besøk av nokre venna, og so gikk vi i gata vår og song og delte ut lussekattar. Kjempe koselig!!:) Ungane var soooo flinke!!

 Herlige ungar!:)
Ingrid og Henrik fekk nissekostyme i adventskalenderen sin, og det måtte sjølvsagt prøvast ut. Sidan det er barnetv på tv`en får eg ikkje kontakt medan eg tar bilde.....
 Fredag var vi i bursdagselskap til Ida på Valderøya. Ungane hadde det travelt med å passe på/jakte på kattane deira ;)
 Og so har vi no baka og laga litt julepynt til jul. Advent er ei kjekk tid. No gledar vi oss til jul!!:)


Det er lenge sidan sist innlegg. Vi har tulla vekk kameraet vårt, og det andre kameraet fann ikkje eg kabelen til. Den er no funnen, og eg skal vere flinkare til å legge ut bilder framover. Alt er bra med oss. Ingrid har hatt ei helg med feber, og eg var heime med ho i dag og. Heldigvis kvikna ho godt til, og er frisk no.
Sidan ho var sjuk gjekk vi glipp av bryllupet til søskenbarnet mitt i helga.Sånn er livet.... Sist helg var vi i bryllup til Marianne og Alex. Eit nydelig vinterbryllup med eit fantastisk brudepar.

Ønsker alle ei flott førjulstid!!:)

søndag 7. november 2010

Tante!!

1.november blei eg tante til ein liten, herlig gut :) Han kom 20 dagar før termin, frisk og rask :) Namnet er fortsatt ikkje bestemt. Eg må gratulere Aud Elin og Knut Ove! I helga har vi derfor vore i Honndalen for å beundre sjarmøren. Ingrid og Henrik syns det er stor stas med eit nytt syskenbarn. Ekstra kjekt er det for Henrik sidan dette er det fyrste gute-syskenbarnet.

Vi fekk også besøkt Unni og Frode, og beundra deira gut. Han og hadde det travelt, og kom 3 veker før termin. Uten namn enda han og. Kjekt å få sjå guten, og treffe både Unni, Anne Marte og Helga Renate igjen. Blir i grunn alt for sjelden....

Vi har det elles berre bra her oppe. Eg, Ingrid og Henrik hostar litt enda, men vi er på bedringens veg. Eg har gjort ferdig kontaktmøtene mine denne veka, so det har vore litt lange dagar. Heldigvis har eg kjekke både elevar og foreldre.Grett å vere ferdig er det uansett :)

Torsdag hadde Ingrid besøk av to venninner frå barnehagen, og Henrik hadde med ein kompis heim. Då er det stas med stoooor bil og Sabeltann på full guffe :)

Ha ei flott veke folkens!:) Vi gler oss til laurdag, då skal vi på Klypa-show og middag etterpå. Herlig, herlig!

søndag 31. oktober 2010

Diverse kjekt i oktober

 Ingrid fekk fire årsboka midt i oktober. Stor stas! Store, søte jente!
 Og fine lisjebror :)
Ingvild og ungane lagde tratorvafler då vi var på besøk. Stilig!!:) Vi fekk en herlig middag og!! Skikkelig luksus på ein vanlig søndag.

Reunion for ungdomsskulen :) Kjempe artig å møte alle igjen!!

 
Vi gratulerer Ottar Inge og Stine med lille søte Maja, og Unni og Frode med sin lisje prins!
Stor stas!!