tirsdag 21. desember 2010

Det nærmar seg jul....

Vi har hatt ei innhaldsrik helg. Fredag var Geir på guttefest bort med Ottar Inge, og eg hadde besøk av Ida, Ingvild, Stine med Maja og Åshild med Trym. Veldig koselig med jentekveld, men vi må vel innrømme at vi var ganske nysgjerrige på kva som skjedde på festen til Ottar Inge. Vi sente bort Ida som spion, men det var lite spennande ho kom tilbake med. Alt gjekk so fint føre seg der visst nok :)

Laurdag var vi på kino og såg Elias-filmen ilag med Nina, Karl Idar og ungane. Eg var ikkje heilt imponert over filmen, eg var vel meir imponert over at ungane holdt ut gjennom heile. Det hadde dei vel gjerne ikkje gjort hadde det ikkje vore for posane med smågodt som dei var utstyrt med.....

Søndag hadde vi invitert opp både min og Geir sin familie på førjulskos. Eg hadde laga koldtbord og kaker, og vi hadde ein veldig trivelig dag med utveksling av gåver. No gler både vi og ungane oss stort til å åpne alle pakkane på julafta :) Bjørn, Nongyao og ungane er i Thailand, so dei var ikkje her. Per måtte ha fjøs, og Knut Ove måtte lese på eksamen. Vi var dermed ikkje fulltallig, og Ingrid kommenterte at det "Var i grunn litt lite unga her...:"
Her er dei omtalte ungane. Søte og gode!

 Dei vart etterkvart litt sletne, og då var det godt å finne kvart sitt besta-fang å slappe av i.
 Farmor hadde på seg pels då ho kom, og den blei brukt til å leike "Bjørnen sover med". Stor suksess!
 I dag hadde eg siste dag på jobb, og då syns vi at det passa å pynte juletreet heime. Sidan vi reise vidare 2.juledag må vi pynte det no skal vi ha noko glede av det. Eg hadde ein flott dag på jobb der eg både fekk masse snop i julegåve frå elevane+ at eg vann kalendergåve som var ei vaskebøtte med ei vinflaske og kjempe mykje godteri. Eg har vertfall fått nok snop til at det skal holde lenge!! Ingrid og Henrik fekk store auge då eg kom heim og blei sooooo misunnelig :)

Familien Berge sitt fyrste juletre i eigen heim :)


Ingrid  bekymrar seg veldig for korleis det skal gå med besta når ikkje vi skal i Honndalen og pynte juletre i år. Eg prøvar å berolige ho med at besta kan få hjelp av både besten og lille Mikal, men det har ikkje Ingrid heilt trua på. " Besta blir sooooo lei seg når ikke EJ kjem å hjelpe ho å pynte treet". Ho er altso meir bekymra for ei sørgande besta under pyntinga enn under sjølve julafta. Jaja, skal sjå ho besta klara seg godt utan oss i år. Det er vertfall deilig å sleppe å stappe bilen proppfull av pakkar i tillegg til kle og utstyr i jula. Vi har trua på at vi skal få ei fin julafta her aleine, og so får vi no berre sjå kor det går både her og der :)

Ingen kommentarer: