Det merkast at hausten nærmar seg. Det er kaldare i lufta og mørkare om kvelden. Eg som er soltilbedar likar ikkje å gje slepp på sommaren, men no innser eg at den e over. Vi rakk no heldigvis å få oss eit bad i sjøen her før sommaren forsvann heilt. Det var litt småkjølig, men faktisk meir overkommelig enn eg hadde frykta.
Søndag var det sol og vi planla ein liten fjelltur. Det blei nedstemt av våre to små søte som ville pakke sekken og berre gå i barnehagen for å leike. Vi inviterte dermed med to andre ungar slik at foreldra fekk fri til å sparkle og legge golv i huset som dei drive å bygge.
Ungane kosa seg med alle leikeapparata og vi hadde en kjekk dag ute.
Fredag til laurdag var det Ingrid sin tur å prøve seg på venninne-overnatting. Ho reiste bort til Stine til barnetv begynte. Eg sat klar med telefonen heile kvelden og var klar til å rykke ut i tilfelle ho angra seg og ville heim. Til min store overraskelse skjedde ikkje det. Ho kosa seg på overnatting og var blid og fornøgd då eg henta ho dagen etter :) Jammen har vi fått ei store jente i hus!!
Laurdag fekk vi besøk av både Bjørn og Per med familia. Sia det regna var vi for det meste inne og styra. Ingrid blei veldig misunnelig når ho skjønte at Eva og Emma skulle til farmor og farfaren på overnatting, men det roa seg etter lovnad om at det snart var hennar tur å reise dit igjen.
Eg sjølv var i 40 års dag til en veldig god kollega på laurdag. Vi var på gamle Glomset skule og hadde det kjempe koselig!! E so fornøgd med kollegaane mine på Blindheim barneskule!:)
Ønsker alle ei fin-fin veke!:)

