mandag 19. juli 2010

THAILAND!!!!:)

Alle innlegg eg har lagt inn i dag har vore gjort i full fart, for i dag er dagen før avreise. I morgon tidlig reiser vi til Lilleputthammer og overnatting på Hedmarktoppen camping. Onsdag reiser vi på Gardermoen der flyet lettar i halv tre tida. Vi har direktefly til Phuket, det blir en flytur på 11,5 timar, so det blir spennande. Vi har pakka inn diverse aktivitetsutstyr til ungane som dei skal få underveis, og i tillegg har vi med bærbare dvd-spelarar i tilfelle filmane på flyet ikkje fell i smak. Vi veit at det kan bli ein utfordrande tur for ungane, men vi skal prøve å gjere det beste ut av det, og satsar på at turen blir verdt den lange flyreisa. Eg gler meg vertfall storveis til varme, herlig frukt, thai-mat og flotte strender!!!!:)

Kata beach



No er det siste klesvasking og kontroll av koffertane. Ha det fint so lenge!! Vi kjem heim 5.el 6.august.

Ingen kommentarer: