mandag 19. juli 2010
THAILAND!!!!:)
Alle innlegg eg har lagt inn i dag har vore gjort i full fart, for i dag er dagen før avreise. I morgon tidlig reiser vi til Lilleputthammer og overnatting på Hedmarktoppen camping. Onsdag reiser vi på Gardermoen der flyet lettar i halv tre tida. Vi har direktefly til Phuket, det blir en flytur på 11,5 timar, so det blir spennande. Vi har pakka inn diverse aktivitetsutstyr til ungane som dei skal få underveis, og i tillegg har vi med bærbare dvd-spelarar i tilfelle filmane på flyet ikkje fell i smak. Vi veit at det kan bli ein utfordrande tur for ungane, men vi skal prøve å gjere det beste ut av det, og satsar på at turen blir verdt den lange flyreisa. Eg gler meg vertfall storveis til varme, herlig frukt, thai-mat og flotte strender!!!!:)
No er det siste klesvasking og kontroll av koffertane. Ha det fint so lenge!! Vi kjem heim 5.el 6.august.
Hytta igjen :)
Søndag etter bryllupet reiste vi på hytta i Honndalen. Vi grilla, spelte fotball, sprang etter kyr, saude og froskar. Gode greier altso :)
Hytta
Eg, ungane og mamma overnatta på hytta frå 11.juli til 12.juli. Sola kom til og med, so vi fekk vere ute å leike og grille.
søndag 27. juni 2010
Henrik-gullet 2 år
24.juni 2008 kom vesle Henrik til verda på Åse sjukehus. No er han blitt to år og store gut. Ein herlig sjarmør som elskar alt som har fire hjul.
Vi feira den store dagen i tre dagar. Fyrst var det barneselskap med Jenny, Karl Idar/Nina, Randi og Ottar Inge/Stine med familie. Dag 2 kom Unn Kristin med Stine og Jørgen på besøk. Laurdag var det familie-selskap. Henrik har storkosa seg med oppmerksomhet og mange kjekke pakkar :)
Den sværaste pakken var kanskje denne som kom til Henrik og Ingrid frå besta og besten:
Og alle måtte prøve, og alle var fornøgde :)
GRATULERER MED DAGEN VÅR KJÆRASTE HENRIK!!!:)
KJEMPE GLAD I DEG!!!
torsdag 10. juni 2010
mandag 24. mai 2010
Og dagane derpå
Prøva ut terassen til tante Sigrun. Ungane styra voldsomt med vatn, helle frå ein kopp til ein annan, og so over i ein ny igjen. Blei mykje søl og mange glade ungar :)
Leiking i hagen til Stein og Elisabeth
Søskenbarn-tur bakpå i tilhengaren. Det er kjempe kjekt å sjå kor glad dei er i kvarandre. Ettersom vi og dei frå Hovdebygda har delt hus frå fredag- mandag var ikkje det heilt fritt for krangling heller mellom dissa "store-jentene". Ingrid og Eva veksla frå å leike kjempe fint til å krange. Men ein ting var sikkert, viss det var rampestreka på gong var dei super-gode venninne og rampa i veg til fru Rygg Berge sin store fortvilelse, hehe.
Her er dei tatt etter å ha gått gjennom Nongyao si sminkeveske...
"SKYLDIG" :)
Avslappning søndagsmorgon. Vi og Bjørn og co budde opp med Per.
Søndag kveld laga vi pizza og sat å prata og kosa oss. Geir sitt syskenbarn frå Danmark, Kjersti var også med. Kjekt!
Elisabeth + Stein
Laurdag 22.mai ga Elisabeth og Stein kvarandre sitt ja, etter 16 år som kjærestar :)
Søte lille Mathilde var brudepike.
Og søte store Geir var toastmaster.
Her er gjengen samla i kyrkja.
Ingrid og Eva- flotte jenter i bunad!
Tante Sigrun benytta sjansen til å svinge seg med alle tantegutane sine :)
Nydelig brudepar, nydelig jente og nydelig bryllaupsfest.....
Abonner på:
Innlegg (Atom)













