mandag 13. desember 2010

Lucia

I dag fikk ungane besøk av nokre venna, og so gikk vi i gata vår og song og delte ut lussekattar. Kjempe koselig!!:) Ungane var soooo flinke!!

 Herlige ungar!:)
Ingrid og Henrik fekk nissekostyme i adventskalenderen sin, og det måtte sjølvsagt prøvast ut. Sidan det er barnetv på tv`en får eg ikkje kontakt medan eg tar bilde.....
 Fredag var vi i bursdagselskap til Ida på Valderøya. Ungane hadde det travelt med å passe på/jakte på kattane deira ;)
 Og so har vi no baka og laga litt julepynt til jul. Advent er ei kjekk tid. No gledar vi oss til jul!!:)


Det er lenge sidan sist innlegg. Vi har tulla vekk kameraet vårt, og det andre kameraet fann ikkje eg kabelen til. Den er no funnen, og eg skal vere flinkare til å legge ut bilder framover. Alt er bra med oss. Ingrid har hatt ei helg med feber, og eg var heime med ho i dag og. Heldigvis kvikna ho godt til, og er frisk no.
Sidan ho var sjuk gjekk vi glipp av bryllupet til søskenbarnet mitt i helga.Sånn er livet.... Sist helg var vi i bryllup til Marianne og Alex. Eit nydelig vinterbryllup med eit fantastisk brudepar.

Ønsker alle ei flott førjulstid!!:)

søndag 7. november 2010

Tante!!

1.november blei eg tante til ein liten, herlig gut :) Han kom 20 dagar før termin, frisk og rask :) Namnet er fortsatt ikkje bestemt. Eg må gratulere Aud Elin og Knut Ove! I helga har vi derfor vore i Honndalen for å beundre sjarmøren. Ingrid og Henrik syns det er stor stas med eit nytt syskenbarn. Ekstra kjekt er det for Henrik sidan dette er det fyrste gute-syskenbarnet.

Vi fekk også besøkt Unni og Frode, og beundra deira gut. Han og hadde det travelt, og kom 3 veker før termin. Uten namn enda han og. Kjekt å få sjå guten, og treffe både Unni, Anne Marte og Helga Renate igjen. Blir i grunn alt for sjelden....

Vi har det elles berre bra her oppe. Eg, Ingrid og Henrik hostar litt enda, men vi er på bedringens veg. Eg har gjort ferdig kontaktmøtene mine denne veka, so det har vore litt lange dagar. Heldigvis har eg kjekke både elevar og foreldre.Grett å vere ferdig er det uansett :)

Torsdag hadde Ingrid besøk av to venninner frå barnehagen, og Henrik hadde med ein kompis heim. Då er det stas med stoooor bil og Sabeltann på full guffe :)

Ha ei flott veke folkens!:) Vi gler oss til laurdag, då skal vi på Klypa-show og middag etterpå. Herlig, herlig!

søndag 31. oktober 2010

Diverse kjekt i oktober

 Ingrid fekk fire årsboka midt i oktober. Stor stas! Store, søte jente!
 Og fine lisjebror :)
Ingvild og ungane lagde tratorvafler då vi var på besøk. Stilig!!:) Vi fekk en herlig middag og!! Skikkelig luksus på ein vanlig søndag.

Reunion for ungdomsskulen :) Kjempe artig å møte alle igjen!!

 
Vi gratulerer Ottar Inge og Stine med lille søte Maja, og Unni og Frode med sin lisje prins!
Stor stas!!

søndag 26. september 2010

Helga 25.-26.sept- SOL!!!

Denne veka har det i grunn gått i ett med foreldremøte tirsdag, besøk av Unni og Frode, kino på onsdag og kurs i Geiranger med jobben frå torsdag til fredag. Kurset i Geiranger hadde temaet Teambuilding og læringsmiljø. Det var veldig kjekt, og ikkje minst sosialt. For meg som er so glad i mat, var buffet`en der inne ein skuffelse, men eg overlevde det og ;)


Laurdag vakna vi til nydelig ver, og etter å ha bladd litt i boka som Geir fekk til bursdagen; Turbok for Ålesund og omegn, bestemte vi oss for å gå på Taustuhytta. Vi fekk med oss Stine og Ottar Inge. Spreke Stine som kun har 3 veker til termin!! Vi gjekk jamnt og trutt i roleg tempo i lang tid før vi kom opp til hytta. Ungane var kjempe flinke å gå! Det måtte litt tur-snop/lokkemat til i ny og ne, men det hadde vi rekna med. Vi starta turen klokka ti over tolv og var vel ikkje heime før nærmare halv fem!! Ein nydeleg tur i eit strålande solskin:)

 Undervegs løyste vi oppgåver på ein natursti.

 Her er Henrik sitt store "SMIL"
 I dag har det også vore fint, og i dag gjekk turen fyrst til avdelinga til Ingrid sitt tre: MAKRELLTREET, før vi gjekk i "Lille trollskogen". Det er ein skog mellom oss og barnehagen der avdelinga til Ingrid er begynt å vere mykje.


 "MAKRELLHYTTA"
 Her koka vi oss tomatsuppe og hadde en enkel lunsj før vi gjekk i barnehagen å leika litt.
Vi har også vore i bursdag til ERLEND i dag. Han blei 3 år og vart feira med både pølser og kaker på Sørneset (då gløymde eg kameraet....). Det har altso vore ei SUPER helg!!:)

mandag 20. september 2010

Verdens beste mann 31 år!!


Etter ei hektisk helg med både henting av ny bil, kollegafest og båtdåp, blei Geir sin bursdag feira her søndag med 16 kjekke gjestar. Fin måte å avslutte helga på ::)

Her er bilde av nyebilen vår: S-MAX!!!:)

onsdag 15. september 2010

Haust....

Bilder frå turen vår i Blåbredalen. Hausten er fin når det er so fint ver!:)
Nydelige Hjortedalen!!:)
Nydelig par, hehhe!!
Det gjor seg med ost og kjeks og drikke då vi var framme. Ungane var kjempe flinke å gå! Imponerande! No må mor og far i heimen bli flinkare å ta dei med på tur!
Ingrid og Henrik likar seg, i motsetning til mora, svært godt i fjøsen.
Ingrid er kalve-ansvarlig, og passar godt på. Denne helga blei ho nedsprungen av alle kalvane då ho kom med drikke til dei. Etter eit par tårer gjekk det og grett, hehe! Ei skikkelig budeie altso :)
Henrik blid og fornøgd i fjøsen. Han likar seg godt der, men aller best er det å få køyre traktor, både tidlig og seint.......

onsdag 8. september 2010

Herlig, herlig!

Eg som i sist innlegg skreiv at no var virkelig sommaren over, tok visst feil. No har vi hatt over ei veke med nydelig sol!! E so deilig!!:) Vi har vore mykje ute, gått litt på fjellet, legje på hytta og bada.

I dag har vi hatt fjelldag på trinnet vårt. Vi var vore på Veibustfjellet. Då eg låg på et berg på toppen og naut sola medan ungane leika gøyme og leite rundt meg tenkte eg at eg må ha verdens beste jobb, hehe! Elevane både gir og tar, men alt i alt e dei fantastiske å vere ilag med. Det er hektisk på jobben enda, med foreldremøte tirsdag og halvårsplanlegging i morgon ettermiddag. I tillegg planlegge vi oppsetting av musikalen Grease, og i dag blei rollene fordelt etter to timar lang audition i går. Trur det skal bli kjempe bra!:)

Geir har vore i heimevernet mandag-onsdag, so han har gjort en jobb for landet vårt denne veka ;)

Til helga skal vi på hytta til Ole Theodor i Stryn med go-gjengen. Gler oss!:)

Alle bildene er frå Hjortedalen. Vi var opp med hyttevatnet laurdagen, og i Blåbredalen søndag. Søndag gløymde vi kameraet, so bilder derifrå kjem ikkje før vi har fått dei som mamma tok der.
Det siste bilde er ikkje frå Hjortedalen, det er utsikta frå Solavågsfjellet :)