tirsdag 12. mai 2009

Konfirmasjon

Søndag var vi i konfirmasjon til Olai Tomasgård, sonen til søskenbarnet mitt. Mor og son :)
Eit anna syskenbarn med familie :) Kjekt å treffe alle igjen! Ingrid storkosa seg ilag med alle dei andre ungane. Her er ho ilag med Maja som er akkurat like gammal. Dei sprang og leika heile dagen. Henrik hang på so godt han klarte. No e det like før han går sjølv. Han står lenge, men tørr ikkje heilt å ta steget ut til å gå sjølv. Han blir 11 mnd 24.mai (og er fortsatt uten tenner, hihi). ....................... Kan no slenge på at eg har fått jobb på Blindheim barneskole frå hausten, so då blir det slutt på heimetilværelsen. Eg skal vere kontaktlærar for ei 5.klasse, 100 % stilling...

Mini-ferie i Honndalen

Frå tysdag ettermiddag til søndag var eg og ungane i H.dalen. Vi rakk å treffe mange der, og vi kosa oss :) Jepps, dåkke ser rett. Eg er i fjøsen ;) Ilag med Henrik (som er noke feminin kledd sia han må arve fjøskle etter Ingrid), Ingrid, Markus og Elias (nabogutane). Her er vi omtrent opp i saue-garden, har fått seks små lam.

Etter å ha vore i mamma og pappa sin fjøs, ville ungane ut i Magne (naboen) sin fjøs. So då var det berre for meg å henge på. Heldigvis fann dei etterkvart ut at det var like so kjekt å styre på i sanden som i fjøsen.

Og etter hardt arbeid i fjøsen var det belønning! Henrik e begynt å få smake is, og ELSKA det! Noke stolt og fornøgd kar her ja....

Etter nesten ei veke med piss-regn var det deilig med oppholdsver. Skrekkblanda fryd når systa drege på traktoren.

mandag 11. mai 2009

Jippi- kamera igjen :)

Jepp, dagen etter at eg kjøpte nytt kamera dukka "gamle" kameraet opp på Fiskå. E kje det typisk?! Jaja, no har vi to temmelig nye kamera.... Her e nokre bilder frå før kameraet forsvann på Fiskå i påska.

søndag 12. april 2009

Påska

Geir har klart å rote vekk kameraet vårt denne påska, so vi har ikkje so mange glimt frå ferien. Desse bilda har mamma tatt med sitt kamera. Bilde frå Fiskå er her derfor ikkje....Vi var på hytta en dagstur onsdag, og torsdag reiste vi opp for å overnatte. Veldig koselig! Fekk besøk frå andre hytte-folk og kosa oss med god mat og drikke. Henrik vakna alt for tidlig der oppe, so kl sju var vi so lei at Geir la ut på ei runde i skiløypa med Henrik i bæremeisa. Då sovna han endelig igjen :) Ingrid og Henrik kosa seg med å klatre stigen opp i køysenga. Det var kun sol der onsdag, so vi var ein del inne i hytta og leika torsdag og fredag. Ingrid gjekk litt på ski, og blir flinkare for kvar gong vi prøvar. Henrik har fått dreisen på å holde seg fast på akebrettet, so han og Ingrid sat ein del ilag på det og. Heime igjen fredag. Blide og fornøgde alle i hop :)
Ingrid og besta på verandaen.

mandag 30. mars 2009

Besøk frå Honndalen

Fredagskveld kom besteforeldra frå Honndalen på besøk. Laurdag var vi ei runde på Moa.
Og Geir hjalp Ole Ivar og Åshild å flytte. Vi andre berre såg på ;) Mor i huset prøvde seg på å bake oreo-kake for fyrste gong, og jammen blei den god. Jammi!
SØNDAG kom med sola og vi kunne vere litt ute.
Elisabeth har laga et flott dørskilt til oss, og no e det komt på veggen. So fint atte!!
Og det kom blomster i pottene- takka vere min kjære mamma som ordnar opp.
Geir fekk påskeklippen ordna.

Inne-leik

Det Ingrid syns e veldig kjekt for tida e å trille ball. Heile familien blir engasjert :)
Fredag hadde vi besøk av Amalie og Randi. Veldig koselig for både små og store!
Her e det middagen som blir inntatt av mini-ane.

søndag 22. mars 2009

Fortsatt vinter i Honndalen!

Vi er stadig på farten, og denne helga gjekk turen til Honndalen. Der fekk Henrik prøve seg litt aleine på akebrett, og det likte han.
Her studerar han på om han skal tore å krype inn i buret til Suzie, men når eigaren dukka opp fann han ut at det var tryggast å la vere.
Då vi kom opp igjen rydda vi litt i gamle kle, og Ingrid fann fram noken huer ho syns passa :)