Geir har klart å rote vekk kameraet vårt denne påska, so vi har ikkje so mange glimt frå ferien. Desse bilda har mamma tatt med sitt kamera. Bilde frå Fiskå er her derfor ikkje....
Vi var på hytta en dagstur onsdag, og torsdag reiste vi opp for å overnatte. Veldig koselig! Fekk besøk frå andre hytte-folk og kosa oss med god mat og drikke. Henrik vakna alt for tidlig der oppe, so kl sju var vi so lei at Geir la ut på ei runde i skiløypa med Henrik i bæremeisa. Då sovna han endelig igjen :)
Ingrid og Henrik kosa seg med å klatre stigen opp i køysenga. Det var kun sol der onsdag, so vi var ein del inne i hytta og leika torsdag og fredag. Ingrid gjekk litt på ski, og blir flinkare for kvar gong vi prøvar. Henrik har fått dreisen på å holde seg fast på akebrettet, so han og Ingrid sat ein del ilag på det og.
Heime igjen fredag. Blide og fornøgde alle i hop :)
1 kommentar:
Masse fine bilete:) Høres ut som dokke har hatt ei fin påske.
Legg inn en kommentar