onsdag 10. august 2011

Bading

Fredag 5.august var det fint ver her i Bjørkavågen. Vi hadde egentlig et prosjekt: Rydde og ordne på vaskerommet, men det blei for fint ver til at vi kunne vere inne og fullføre det. Vi måtte ut og nyte dagen. Vi snakka litt med Stine og Ottar Inge og vurderte kva vi skulle finne på. Vi vurderte fjelltur, men enda med picknikk på badestranda vår.
 Vi pakka med oss grillmat, frukt, drikke og badekle og tusla oss ned til sjøen.
Omtrent før grillen var blitt varm begynte det å skye til, og temperaturen i vatnet var heller ikkje mykje å skryte av. Ingrid, Maja, Henrik og Stine gjekk på krabbejakt og kosa seg i vannkanten likevel.
 Etter maten kom sola tilbake og vi kunne virkelig nyte livet :)
 Herlig, herlig!
Då heiv dei tøffaste seg i sjøen og bada.... eller.... det var vel faktisk berre eg og Julie som var igjen på land til slutt :) Eg er jo kjempetøff, men i frykt for brystbetennelse måtte eg holde meg på land.....
Ein herlig dag med herlige venna!!!!<3

lørdag 6. august 2011

Ferie del 2

 I år er det altso norgesferie som står på agendaen for familien Berge. Det er mange plassar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane vi aldri har vore til. Geir hadde veldig lyst å sjå Nærøyfjorden, so vi tok utgangspunkt i den, og reiste litt rundt.
Vi tok ferja frå Kaupanger til Gudvangen, og overnatta på Gudvangen Fjortell- eit plass eg fråråda andre å oppsøke..... Alt for dårlig standard i forhold til prisen. Romma minte meir om brakker enn hotellrom for å seie det sånn.... Frå Gudvangen reiste vi ned til koselige Underdal før vi tok Flåmsbana i Flåm.

 Rallarvegen. Mange som sykla både opp og ned. For min del trur eg ned hadde passa best :)
 Huldra song i Kjosfossen. Stilig! Og vi blei våte.....
 Storfamilien på tur! Mamma og pappa sat på med oss på turen. Vi fekk faktisk plass til alle + bagasje og vogn. Takk og lov for takboks :)
 I Årdal stoppa vi å bada i friluftsbassenget der.
 So køyrde opp frå Årdal og kom inn på Sognefjellet. Nydelig!
 På Lom overnatta vi på Nissegården aktivitetsenter. Kjekt med basseng på campingen!

 Vi avslutta turen med nokre netter på hytta. Geir hjalp pappa å reparere hyttetaket.
Og alle var enige om at det hadde vore ein fin tur!

torsdag 4. august 2011

Ingrid 5 år

25.juli blei verdens beste Ingrid 5 år <3
 Feiringa i år var i Honndalen. Fyrst med familie, og deretter med vennar der heime. Selskap med barnehagevennar her oppe skal vi ta igjen etter ferien.



onsdag 3. august 2011

Ferie del 1

Ferien starta med eit heller kaldt bad for ungane i sjøen nedanfor oss.

So reiste Ingrid og Henrik på campingferie til Valldalen med farmor og farfar, medan vi tre andre reiste i bryllup til Steinar og Doris <3


Vi var på besøk i Hovdebygda og såg kor dei hadde fått det i nyehuset sitt.

Og vi svippa innom Molde på Moldejazzen på veg til Kristiansund.


I Kristiansund låg vi på Thon hotell ilag med besta og besten.

 Ungane storkosa seg på Altlanterhavsbadet!!
 Henrik tok storesklia og hoppa frå 1 meteren, skikkelig tøffing!!:)

Julie




tirsdag 12. juli 2011

Glimt av sol....

Vi har benytta dei få solskinnsdagane som har vore i det siste til å overnatte på hytta i Honndalen. Ungane elska å springe lettkledde etter både sauer og kyr opp på sætra. Grilling og leik med vatn er også kjekke aktivitetar. Vi har hatt besøk av Unni, Anne Marte og Marianne med ungar på hytta, og det er fasinerande kor fort ungane finne tonen likevel om det ikkje er sooo ofte vi møtes. Det var også veldig kjekt for meg å treffe damene igjen og :)

Fredag våga vi oss ned i elva for å sjekke ut temperaturen. Litt kaldt, men ikkje so gale som frykta. Ungane bada, for oss vaksne var det no å duppe beina....



 Besten og Julie på hytta

 Herlig med finever!!