fredag 16. oktober 2009

søndag 11. oktober 2009

Strynemesse

Fredag var vi på Strynemessa. Egentlig er ikkje messa so mykje å skryte av i mine auger. Der e salg av honning, pølser og juggel....
For ungane er det store karussella!!! Sidan det ikkje var inngongsbillett fredag, brukte vi heller pengane på karussella (eller, dvs. besta og besten brukte pengar ;)). Ingrid var heilt i skyene. Ho ville berre meir og meir. Henrik derimot, han hadde nok med å følge ein halv tur. Då klarte ikkje han å sete i ro meir og ville av :)
Ingrid og kompisen Ole Martin
Klar for start.
Ingrid og Ole Martin snur hauda og ser bak på oss.

Haustferie

Eg er veldig heldig som har haustferie :) Den blei brukt til å vaske hus to dagar, og resten var det familiekos. Her er vi i 4 års dag til Marius. Kjekt med barnebursdag!Onsdag til torsdag overnatta Larsnes-gjengen med oss. Ungane kosa seg ilag.
Torsdag ettermiddag kom vi i Honndalen. Laurdag då sola kom reiste vi på hytta for å grille og renne på akebrett. Artig med snø for ungane, men ALT for tidlig etter mi meining.
Henrik og Ingrid hjelpe besten med å måke snø av altanen.
Pølser og hamburger i sola :)
På kvelden kom Jorunn Anne, Amund og alle ungane på besøk. Her er det Trine som leikar med Ingrid.
Jenny Mari, Karianne, Trine og Henrik.

lørdag 3. oktober 2009

Juhu!! Opphaldsver!!:)

No har det altso bøtta ned med regn i vekes, om ikkje månadsvis. Det er vi veldig lei av, og når det endelig var opphald i dag, so måtte vi ut. Ingrid og Marius hadde lyst å vere ilag, so då henta vi han slik at han fekk vere med oss. Heile denne veka har Geir vore i Romania, og eg og ungane har kosa oss heime ;) Men no er vi glad for at han er heime igjen. Måndag er det planleggingsdag i barnehagen. Ingen problem sidan mor i huset har haustferie :) Det skal bli veldig deilig. Merkar at husarbeid blir litt forsømt med full jobb og to ungar, so får prøve å få vaska litt.... I slutten av veka skal Geir og ha fri, so då reise familien på hytta (vertfall viss veret blir som i dag). Lika meg forøvrig veldig godt i jobben. Supre kollega!

lørdag 19. september 2009

I dag blei Geir 30 år!!

Etter å ha blitt feira i to helgar før, so var det litt rart at Geir blei 30 i dag. Han fekk ligge lenge, og han fekk både frokost, kake, gave og krone på senga. Til og med sol fekk han på sin store dag.
Geir syns nok at det er litt rart å forlate dei glade 20 åra, men eg seie at 30 år er ingen alder. Han har jo både kone, barn og stasjonsvogn ;) Dagen blei feira med muffins, bollar og is ilag med nære vennar. Det er ein fantastisk mann som blei 30 år i dag. Verdas beste mann og pappa! Vi elskar deg!!!:)

Geir feira igjen!:)

Forrige helg (12.sept) inviterte vi familiane på feiring med oss. Fyrst var vi på Atlanterhavsparken- til ungane si store glede, før vi reiste heim til oss og kosa oss med mykje god mat og drikke. Vi fekk med oss mating av pingvinane i sterk vind. Og ungane fekk mate fiskane inne. Her prøvar Henrik og Ingrid delfin-leika.
Eva og Ingrid er SOOO glad i kvarandre :) Geir, Gudveig, Odd-Inge, Ola og Jorunn
Oddrun, Ove, Aud Elin, Knut-Ove, Linn V, Per, Bjørn og Nongyao.
Gudveig holdt flott tale til jubilanten.
Jubilanten fekk champis med svigers som han måtte sprette.
Dei siste la seg halv fire, det var Geir, Bjørn og Ola-besten. Stakkars dei då ungane vakna i sju-tida...... hehe.....

tirsdag 8. september 2009

Geir og Ole Theodor 30 år!

Nok ei festlig helg er forbi. Denne helga feira Geir og Ole Theodor sine 30 års daga på hytta til Hovden i Stryn. Hytta er super, gjengen er super og maten var super. Kan man då ha det bedre?! Ingvild, Geir, Steinar, Inghild, Stig Ronny og Stine fredagskvelden. I tillegg var eg, Ottar Inge, Ole Theodor, Bjørn Ove og Ida der. Blide jenter!
Karane måtte prøve boblebadet!:)
Og danse litt :)
Laurdag på dagen var damene på shopping og kafe.
Medan karane trena ;)
Laurdag kom også Hallvard, Åshild, Ole og Randi og Rune. Her er alle samla til festmiddag.
Bursdagsbarnet i Moods dress frå sin kjære.
Bursdagsbarn nr 2 med Moods boxer frå sin kjære.
Og vi dansa og kosa oss til laaaaangt på natt!!