I år hadde kulturdagane 20 års jubileum. Vi hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å reise sidan vi har fullt program kvar helg heilt til oktober. Men ut på fredagen begynde venninner heimafra å lokke, og plutselig klarte ikkje eg å motstå lenger. Fredag var det dans på badestranda med over 700 innbetalande. Dottera til syskenbarnet mitt passa, so både vi og mamma og pappa fekk på dans. Glad vi reiste!

Gullungane klar til karnevall i Honndalen. Henrik fekk kle seg ut for fyrste gong, og syns det var veldig artig. Ingrid er meir dreven i utkledning, men syns like fullt at det var kjekt.

Jammen var Tigergutt i toget og.

Det er ikkje kvar dag det er so mykje folk samla i Honndalen ;)

Det var mykje aktivitetar for barn, idol, hoppeslott og bilar bl.a. Laurdag turte ikkje Ingrid å køyre bil, men etter å ha sett kompisen Ole Martin køyre søndag, tok ho seg en tur.

Søndagen blei avslutta med fotballkamp mellom Hornindal A-lag anno 1989 og dagens A-lag. Ikkje overraskande vann dagens overlegent....desverre...
Ei kjekk helg for både små og store!