lørdag 10. januar 2009

Romjul

Knut Ove, Aud Elin og Henrik på nyttårsaftaFamilien samla på juletrefest Og der var Jenny, Ole og Erlend og.
Og Christine og Ivar med Simen og Noah
Og Anne Marte, Per Mattis, Martine og Mathias.
Besten og Henrik :)
Det var kjempe fint ver i romjula so det blei nokre turar på hytta. Ingrid, mamma og pappa fekk prøve nye-skia sine.Henrik syns det var kjempe festlig å henge på magen mens vi gikk på ski.
Og e en på skitur må en ha kvikklunsj og kakao :)

mandag 5. januar 2009

Julafta

Julafta blei feira på Fiskå ilag med foreldra til Geir. I tillegg var Nongyao. Emma, Eva, gamle-tante Sigrunn og gamle-tante Magnhild der. Eva, farmor og Ingrid gjekk opp i låven med graut til nissen.Men det var kun Henrik som torte å nærme seg nissen. Dei to jentene var livredde og hylte :)
Snuppa vår i finstasen :)
Familien samla foran treet. Henrik vart desverre veldig forkjøla julafta, men hang med likevel. Ingrid fekk mange flotte gåver, her med skipakke frå mamma, pappa og Henrik.

søndag 21. desember 2008

Snart juleferie

I dag er det 21.desember og vi nærmar oss jul. Geir har tatt juleferie, og i morgon reiser vi til Fiskå på juleferie. 3.juledag går turen vidare til Honndalen der vi skal feire nyttår.
Ingrid får desverre ikkje av bandasjen til jul slik som vi fyrst blei forespegla, men no er såret begynt å gro og det ser bedre ut. Frå å ha skifta bandasje annakvar dag skal det no vere fem dagar i mellom. I går hadde vi besøk av Lisa, Andre, Isabell og Rebekka frå Larsnes. Vi var på leikeland store delar av dagen der ungane storkosa seg.
Fredag ettermiddag/kveld hadde vi et lite jule venne-koldtbord. Her ser de Randi, Rune, Bjørn Ove, Ida, Åshild, Kristin, Ingrid og Henrik
Åshild er blitt vår faste barnevakt etter at ho og Ole flytta opp hit i haust. Ungane elskar å vere ilag med ho! I kveld skal ho faktisk passe slik at eg og Geir får sjå Max Manus :) Supert å ha slike venninner!
Her viser Ingrid fram bandasjen. Det er kun legane på sjukehuset som får lov å vere borti handa. "Berre sukehuset" seie ho når vi nærma oss. I morgon er det nytt sårskift på sjukehuset, men so blir ikkje det igjen før vi må skifte i Honndalen i romjula.
Her leikar Ingrid seg med premien som kom oppover frå besta og besten etter at dei fikk høyre kor flink Ingrid var på sjukehuset etter at ho brann seg.
Vi er blitt vand med å sete i ganen utanfor kirurgisk poliklikk å vente på tur. Heldigvis er der litt leikar Ingrid kan styre seg med. TIL SLUTT VIL VI I FAMILIEN YNSKJE ALLE EI RIKTIG GOD JUL!!!

torsdag 11. desember 2008

Drama i heimen

Onsdagskveld 10.desember vart det drama i heimen. Like før legging datt Ingrid opp etter vedovnen i bar overkropp. Armen frå skuldra og nesten fram til handa fekk 2.gradsforbrenning. Vi ringde legevakta, som igjen rekviderte ambulanse. Det enda med at Ingrid og mamma måtte fare med sjukebilen inn til sjukehuset. Ingrid var kjempe flink, og lot alle doktorane sjå på handa og gjere det dei måtte. No er handa bandasjert og vi skal inn på sjukehuset ca annakvar dag for sårskift. Heldigvis har ho sluppe unna store smerter no etterpå, so alt går over forventa bra.
På bildet under er Ingrid torsdagsmorgen med "ballongen" som ho fekk med ambulanse-mannen. Sidan det var Lucia feiring i barnehagen kl tre i dag reiste vi bort slik at Ingrid fekk vere med.
Søte Lucia-jenta vår :)

Honndalen

I helga var vi i Honndalen for å hjelpe besten med å bryggje konnjøl, og for å feire Helga Renate sin 30 års dag. Her ser dåkke ei jente som kosa seg i smia ilag med pappsen og besten :)

mandag 1. desember 2008

Juleforbereding

I dag er det 1.desember, og Ingrid har opna fyrste pakken i adventskalenderen sin. Stor stas :)
Elles har det vore litt kakebaking i heimen, og Henrik ligge å følge med på at damene kokkelera. Ingrid er veldig godt fornøgd med si eiga pynting.

søndag 23. november 2008

Vinter

Då er vinteren komt for alvor. I dag har vi vore ute å leika oss.
Og slik såg det ut i Honndalen då vi reiste derifrå laurdag etter noken daga der på ferie.
På middag med Atle og Silje på Eid.