torsdag 13. desember 2012

Førjulstid

Førjulstid er ei fin tid. Det er berre det at den går so aaaaaalt for fort. Rekker liksom ikkje heilt alt eg har tenkt å gjere. Skulle vaska hus, og eg har ei handleliste som står klar til å bli handla, men den innebærer fleire forskjellige varehus, og det er ikkje berre berre å kome i gang med inn i mellom alt anna. Skulle vore sann at i desember fekk alle 20 % permisjon frå jobb for å rekke over alt. Sjølvsagt med lønn ;)

Men for all del, vi har vore på Putti, Putti Pott, vi har baka julemenn tre el fire gongar. Vi har baka pepperkaker, til og med med heimelaga deig! I tillegg har eg baka kokosbollar, og mamma kom med krumkaker og risbollar. Eg trur og at gavene er temmelig på plass. Eg og Geir gjer som dei siste julene. Vi kjøper ikkje gåver til kvarandre, men vi investerar i noke til heimen som vi trenger. I år blir det ny tv til kjellarstova. Er ei stund sia vi flytta om her i huset for å få ei kjellarstove, men grunna mangel på lottogevinst har det tatt litt tid å få sofa og tv der. Sofa har vi no fått sponsa i ei julegave på forskudd, so no manglar berre tven. Satsar på at den kjem neste veke.

Eg og ei anna mor har arrangert julebord for jentene i klassa til Ingrid. Da var det på med finkjolane for jentene, og vi var servitørane som laga og serverte både velkomstdrink, julemiddag og dessert. Veldig koselig! Har også vore med i arrangement-komiteen for julebord på jobb, og vore på ikkje mindre enn 4 julebord i år. Når eg legge til ei 40 årsfeiring skjønner de at det har vore mykje kjekt å henge fingrane i :)

I går var vi på luciafest på avdelinga til Henrik. Der er så mange avdelingar at ikkje alle får ha feiringa på luciadagen. Dei imponerte med både song og julespel. Eg syns det er so kjekt å gå på slike forestillingar. Blir alltid so imponert over det dei får til :)

I dag gikk eg og to kollega lucia på jobb. Vi kledde oss ut, song og delte ut lussekattar. Vi var samla ein kveld til baking og skravling tidlegare i veka, og ideen vart godt mottatt. Folk fekk seg ein litter latter, og det var vel ikkje det vakraste toget dei har opplevd vil eg tru.....

Etter jobb baka vi lussekattar her heime, og Ingrid og Henrik fekk vennar på besøk og gjekk lucia her i gata. Ein koselig tradisjon :)

I kveld skulle eg egentlig på klubb, men på grunn av mykje sjukdom blei det avlyst. Kanskje like greit, da fekk eg tid til eit lite blogginnlegg :)



Håpar alle kosar seg i førjulstida!!!

Klem!

Ingen kommentarer: