
Onsdag ville Geir gjerne sjå Aafk-Sogndal. Derfor reiste heile gjengen til Sogndal på dagtur.

So fine!!!:)

Vi stoppe på Fjærland bremuseum, men blei ikkje alt for imponert....

På Sogndal storsenter (eller kva det heitte) var det mange leikedyr, og det var populært.

Då Geir var sju år budde han eit år på Hafslo. Vi reiste inn dit og såg huset dei budde i. Bildet er derimot ikkje det huset. Dette er Bestebakken. Eit velvære og overnattingssted som har opparbeida seg eit svært godt rykte. Odd Inge (far til Geir) har laga nokre av sengane som er her. Han blei kjend med Lindis som eig Bestebakken då dei budde på Hafslo. Bestebakken var stengt då vi var der, men vi fekk likevel ei flott omvisning i huset og "fjøsen". Nydelig!! Dit skal vi å overnatte ein gong!

Brudesuiten!

Då Geir og pappa reiste på kamp gjekk mamma, eg og ungane på leikeplassen i sentrum. Her leika ungane til dei blei trøtte og vi kunne køyre heim med sovande ungar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar