tirsdag 30. juni 2009

SOMMAR!!!

Det er so herlig ver for tida!! Vi storkosa oss ute heile dagane. Vi har óg fleire daga traska oss ned på badestanda og bada litt i sjøen. Overraskande gode temperaturar, opp mot 19 grader. Då må en berre bade :)
Når til og med ho mor legg på svøm, då e det fin temperatur i sjøen ;)
Livet er herlig!!
Søndag kom Bjørn på besøk med gåve til Henrik. En stor leiketraktor som var veldig populær, både for Henrik og pappa`n.
Då Geir var i utdrikkingslag til Rune var eg og ungane en ettermiddagstur bort til Nina og co. Her er det Henrik og Eirik som kosar seg med kveldsen. Ingrid og Marius bada fortsatt...
Å skli ned i bassenget var en stor suksess!:)
Henrik er blitt ein klatre-petter! No klatrar han til topps på leikestativet før vi får snudd oss rundt omtrent. Litt skummelt, for han har slett ikkje kontroll :)

Ingen kommentarer: