søndag 21. desember 2008

Snart juleferie

I dag er det 21.desember og vi nærmar oss jul. Geir har tatt juleferie, og i morgon reiser vi til Fiskå på juleferie. 3.juledag går turen vidare til Honndalen der vi skal feire nyttår.
Ingrid får desverre ikkje av bandasjen til jul slik som vi fyrst blei forespegla, men no er såret begynt å gro og det ser bedre ut. Frå å ha skifta bandasje annakvar dag skal det no vere fem dagar i mellom. I går hadde vi besøk av Lisa, Andre, Isabell og Rebekka frå Larsnes. Vi var på leikeland store delar av dagen der ungane storkosa seg.
Fredag ettermiddag/kveld hadde vi et lite jule venne-koldtbord. Her ser de Randi, Rune, Bjørn Ove, Ida, Åshild, Kristin, Ingrid og Henrik
Åshild er blitt vår faste barnevakt etter at ho og Ole flytta opp hit i haust. Ungane elskar å vere ilag med ho! I kveld skal ho faktisk passe slik at eg og Geir får sjå Max Manus :) Supert å ha slike venninner!
Her viser Ingrid fram bandasjen. Det er kun legane på sjukehuset som får lov å vere borti handa. "Berre sukehuset" seie ho når vi nærma oss. I morgon er det nytt sårskift på sjukehuset, men so blir ikkje det igjen før vi må skifte i Honndalen i romjula.
Her leikar Ingrid seg med premien som kom oppover frå besta og besten etter at dei fikk høyre kor flink Ingrid var på sjukehuset etter at ho brann seg.
Vi er blitt vand med å sete i ganen utanfor kirurgisk poliklikk å vente på tur. Heldigvis er der litt leikar Ingrid kan styre seg med. TIL SLUTT VIL VI I FAMILIEN YNSKJE ALLE EI RIKTIG GOD JUL!!!

2 kommentarer:

Laila Kristin sa...

Bra at det går bedre med Ingrid. Ein liten tøffing er ho:)

God jul til dokke, håpar du legg ut litt bilde i løpet av jula:)

Nunne sa...

Stakkars lille Ingrid (eller store Ingrid?) som har brent seg.. Håper ho blir snart bra igjen og at det gror fint.
God jul til denne flotte bloggeren...her var så mye koselige bilder av deilige unger...
Kos dere sammen i jula!
Hilsen Nunne.