torsdag 11. desember 2008

Drama i heimen

Onsdagskveld 10.desember vart det drama i heimen. Like før legging datt Ingrid opp etter vedovnen i bar overkropp. Armen frå skuldra og nesten fram til handa fekk 2.gradsforbrenning. Vi ringde legevakta, som igjen rekviderte ambulanse. Det enda med at Ingrid og mamma måtte fare med sjukebilen inn til sjukehuset. Ingrid var kjempe flink, og lot alle doktorane sjå på handa og gjere det dei måtte. No er handa bandasjert og vi skal inn på sjukehuset ca annakvar dag for sårskift. Heldigvis har ho sluppe unna store smerter no etterpå, so alt går over forventa bra.
På bildet under er Ingrid torsdagsmorgen med "ballongen" som ho fekk med ambulanse-mannen. Sidan det var Lucia feiring i barnehagen kl tre i dag reiste vi bort slik at Ingrid fekk vere med.
Søte Lucia-jenta vår :)

2 kommentarer:

Laila Kristin sa...

Ååå stakkars lille gullet! Håpe d går bra me ho. Fekk helt låkt inni mej no. Kryssa fingrane for at dokke sleppe unda infeksjona å styr no då.

Flinke jenta på sjukehuset då!

Kristin sa...

Ja, satse på det :) Ekle greier... Spent på sj.hus besøket i morgon..